Sjukepleiar – Stranda omsorgssenter, avdeling sjukeheimen – Stranda distrikt, Stranda kommune
Health and social care Nurse(2 days ago)
Job Description
Published 18-11-2024
Deadline: 04-12-2024
Sjukepleiar – Stranda omsorgssenter, avdeling sjukeheimen
Det er ledig 80 % nattevaktstilling som sjukepleiar på Stranda omsorgssenter, avdeling sjukeheimen frå 10.02.25. Arbeid etter til ei kvar tid gjeldande turnus.
Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår, vi har eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Vi søker ein sjukepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss. Vi nyttar datasystemet Visma Profil og programmet Visma Ressurs for turnusplanlegging.
Stranda omsorgssenter avdeling sjukeheimen ligg sentralt i Stranda tettstad. Her er vi samlokalisert med andre pleie- og omsorgstenester.
Sjukeheimen består av 5 avdelingar med 30 rom for langtidsopphald (både demens og somatikk) og 8 rom for korttidsopphald, palliasjon og KAD.
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar
- Kartlegge, vurdere og igangsette målretta sjukepleietiltak
- Samarbeid og samhandling internt og på tvers av avdelingane
- Per tida turnus med arbeid tredje kvar helg
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar.
- Må ha gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg
- Grunnleggande datakunnskap
Personlege eigenskapar
- Ynskje om å jobbe med eldre og vere opptatt av høg fagleg kvalitet
Evner til å jobbe godt i team, men også sjølvstendig
Ansvarsbevisst, ryddig og ha godt humør
Bidra til godt arbeidsmiljø
Det er flott med relevant erfaring, men nyutdanna er hjarteleg velkomne
Vi tilbyr
Varierte arbeidsoppgåver, samt innflytelse på eigen arbeidsdag
Godt arbeidsmiljø prega av mangfald, fag og humør
Treningsrom for tilsette
Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
Funksjonstillegg
Lønn etter tariff
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Kontaktinformasjon
Marita Solli, Fagleiar, +47 46411448
Arbeidsstad
Nymarkvegen 58
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 4887354558
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 10.02.2025
Søknadsfrist: 04.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stranda distrikt, Stranda kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda. |
Webside | https://www.stranda.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | STRANDA (Adresse: Nymarkvegen 58 Postnr: 6200) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 10-02-2025 |
Søknadsfrist | 04-12-2024 |