Sjukepleiar/spesialsjukepleiar – Sengepost Medisin 1, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Nurse(2 weeks ago)
Job Description
Published 05-03-2025
Deadline: 23-03-2025
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
I slutten av april flyttar sjukehusa i Molde og Kristiansund saman til eit topp moderne felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Her blir det oppretta ein heilt ny sengepost med døgnkontinuerleg drift for pasientar innan fagområda kreft, palliasjon og blodsjukdomar. Vi søkjer no etter dyktige og engasjerte sjukepleiarar/spesialsjukepleiarar i faste stillinger og midlertidige stillingar til denne posten. Dei ledige stillingane er:
2 x 60 % stilling, fast, for tida med arbeid på natt med langvakter og arbeid kvar 4. helg.
2 x 75 % stilling, fast, i døgnturnus
1 x 80 % midlertidig stilling frå tidlegast 24.04.25 til 31.08.2026
1 x 70 % midlertidig stilling, for tida med arbeid på natt, med langvakter og arbeid kvar 4. helg.
Seksjonen vil ha plass til 15 pasientar, der alle vil ha einerom og tilgang til eige bad. Vi har ambisjonar om å byggje ei avdeling med eit høgt fagleg nivå, der ein arbeider i team og kan spele kvarandre gode. Målet er å skape ei avdeling som står for kvalitet, tryggleik og respekt for både pasientar, pårørande og tilsette. Samstundes vil vi bidra til å forbetre tilbodet til pasientane våre.
Synest du dette verkar interessant? Eller har du engasjement eller interesse for fagområda og pasientane? Då ønskjer vi gjerne at du sender ein søknad til oss. Oppgje gjerne kva stilling du søkjer på.
Når det gjeld turnus, har vi i utgangspunktet tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Men det er og moglegheiter for at ein kan gå langvakter, særleg i helgane. Då med arbeid kvar fjerde helg. Dette er berre for dei som ønskjer det sjølv. Det blir lagt til rette for at tilsette får kome med innspel til eigen turnusplan.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsprosentar bli aktuelle.
Arbeidsoppgåver
- Teamarbeid saman med sjukepleiarar, spesialsjukeplerarar, helsefagarbeidarar og mellom anna onkolog, hematolog og palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut.
- Pasientane i seksjonen vil kunne ha svært ulike behov. Arbeidsoppgåvene vil difor bestå av kartlegging og utføring av tiltak retta mot den enkelte pasient i tråd med gjeldande retningslinjer.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning, erfaring og kompetanse kan vektleggjast
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdomar
- Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Er påliteleg og lojal mot arbeidsplassen og kollegaene dine
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kristina Aasen, seksjonsleiar, +47 91869218
Arbeidssted
Opdølvegen 2
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4926475236
Stillingsprosent: 80%
Turnus
Startdato: 24.04.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 23.03.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sengepost Medisin 1, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal |
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | HJELSET (Adresse: Opdølvegen 2 Postnr: 6450) |
Stillingstype | Annet Deltid Antall stillinger: 6 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 24-04-2025 |
Søknadsfrist | 23-03-2025 |