Sjukepleiar/spesialsjukepleiar fast stilling ved Giske omsorgssenter – Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Health and social care Nurse(4 days ago)
Job Description
Published 03-11-2024
Deadline: 19-11-2024
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar fast stilling ved Giske omsorgssenter
Vi har ledig fast 100 % stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter. Stillinga er ledig frå snarast.
Giske omsorgssenter ligg på Valderøya og har to langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling, totalt tre avdelingar med 30 plasser. I bygget er også dagsenter, heimebasert omsorg, sentralkjøkkenet, fysio- og ergoterapitenesta og kvardagsrehabiliteringa lokalisert. Personalet ved Giske omsorgssenter har tett samarbeid med desse tenestene
Stillinga er for tida primært knytt til korttidsavdelinga.
Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar med fokus på god og trygg pasientbehandling.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillingane.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
- Bidra til eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning i rehabilitering, geriatri, aks, kreftsjukepleie, psykiatri eller anna relevant vidareutdanning er ønskjeleg.
- God digital kompetanse.
- Sertifikat for bil.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Spanande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Sofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702316
Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535
Arbeidsstad
Valderøya
6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 4880893186
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2024
DIVERSE INFO