Job Description

Published 01-01-1970
Deadline: 12-07-2024

 

SJUKEPLEIAR

Er du ein sjukepleiar som er oppteken av å sjå heile mennesket?

Ein av våre sjukepleiarar skal ta vidareutdanning og vi har ledig ei toårig vikariatstilling som sjukepleiar ved senteret.

Vikariatet er 100 % stilling og frå 12. august (eller etter avtale) til 1. juli 2026.

Stillinga passer for deg som har eit ressursorientert fokus og som er interessert i å arbeide med tverrfagleg rehabilitering. Senteret nyttar tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi, rettleiing og undervisning som tilnærming i behandlinga.

Arbeidet vil omfatte direkte pasientkontakt, individuelle samtaler og oppfølging, i tillegg til tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper.

Kvalifikasjoner:

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gjerne kompetanse eller erfaring innan psykiatri
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskaper:

  • Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevne og evne til å arbeide tverrfagleg
  • Personleg eignaheit vert vektlagt
  • Krav om plettfri vandel, jfr. Helsepersonelloven § 20a

Vi tilbyr:

  • Ein kunnskapsrik organisasjon med engasjerte og utviklingsorienterte medarbeidarar
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Senteret er stengt jul/nyttår
  • Gode velferd- pensjon- og forsikringsordningar

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS orgnr: 972013676
Kort om arbeidsgiver

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Institusjonen gjev tilbod om rehabilitering av pasientar. Ca 1200 pasientar bur på senteret i løpet av eit år. Pasientane får servert fire måltid per døgn av eit kjøkken som leverer mat med høg kvalitet.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted FLEKKE (Adresse: Hauglandsvegen 308 Postnr: 6968)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4ea15b37-03e4-4b00-8806-24aa18a47d7e
AMEDIA