Sjukepleiar – Psykosepost Valen sjukehus

Health and social care Nurse

(3 days ago)

  • VALEN
  •  Post Date: 2. December 2024
  •  Expire date: 16. December 2024
Job Description

Published 02-12-2024
Deadline: 16-12-2024

 

Sjukepleiar

Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk?

Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Med plass til opptil 9 pasientar, legg vi stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga.

Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv.

Er du klar til å bli ein del av vårt dedikerte team og gjere ein forskjell?

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til pasientar som treng behandling i døgnpost
  • Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar
  • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
  • Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
  • Utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar
  • Rettleingsansvar for studentar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du er:

  • god på samarbeid og kommunikasjon
  • initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • tilpasningsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning
  • en som trivest i eit aktivt og travelt miljø
  • ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
  • ein som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • er god på å etterspør rettleiing 
  • lojal i forhold til avgjerdsler

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden

Kontaktinformasjon

Britt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder Pleie, +47 53466473

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4891291651
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 06.01.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 16.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Psykosepost Valen sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted VALEN (Adresse: Sjukehusvegen 26 Postnr: 5451)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 06-01-2025
Søknadsfrist 16-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c1c6c6db-6933-4afc-90ca-3bb1274e83c3
IMPORTAPI