Job Description

Published 07-11-2024
Deadline: 25-11-2024

 

Sjukepleiar på Voss sjukehus, Medisinsk seksjon  

Me treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar

Medisinsk seksjon har ein generell indremedisinsk sengepost med 20 heildøgnsplassar. Her møter du mange ulike profesjonar. Me behandlar pasientar med ulike diagnosar – til dømes hjarte, lunge, nyre, infeksjonar, diabetes og kreft. Me har nært samarbeid med andre seksjonar på  sjukehuset, Haukeland Universitetssjukehus og kommunale tenester.

Medisinsk sengepost er ei aktiv avdeling med varierte arbeidsoppgåver, godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Dersom du ynskjer å opparbeide deg brei og solid erfaring, samt god kompetanse innafor fleire spennande fagområde, søk jobb hjå oss!   

Medisinsk avdeling har behov for sjukepleiar i 3-delt turnus og kvar 3. helg. Tilsetjing etter nærare avtale. Søkjarar som av ulike årsaker ønskjer redusert stilling vert og oppmoda til å søkje. 

KARRIEREUTVIKLING
Voss sjukehus tilbyr eit spanande fagmiljø med moglegheit for etter- og vidareutdanning innan ulike fagfelt, til dømes jordmor, operasjon, intensiv og akuttsjukepleie.

OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar. I tillegg kjem det pasientar frå randkommunane.

OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom Ekstremsportsveko, som vert arrangert kvart år. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

    Arbeidsoppgåver

    • Medikamenthandtering
    • Yte omsorg for pasient og pårørande
    • Observasjon og oppfølging av inneliggjande pasientar
    • Kontakt med pasient og pårørande
    • Teamarbeid med andre yrkesgrupper for beste pasientbehandling

    Kvalifikasjonar

    Du må:

    • Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
    • Meistre norsk skriftleg og munnleg 

    Personlege eigenskapar

    Vi søkjer deg som:

    • Bidreg positivt fagleg og kollegialt
    • Verdset å halde deg fagleg oppdatert
    • Har pasienten i fokus
    • Evner å arbeide sjølvstendig samstundes som at du er ein god lagspelar i team
    • Er strukturert og tek ansvar
    • Har gode kommunikasjonsevner
    • Er tilpassingsdyktig og fleksibel

    Vi tilbyr

    • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
    • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar


    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Sissel Marie Finne, Assisterande seksjonsleiar, 56533735
    Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493

    Arbeidsstad

    Sjukehusvegen 16
    5700 Voss

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen

    Referansenr.: 4882912848
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 25.11.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Voss sjukehus/ Voss Medisinsk seksjon, Helse Bergen orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Webside www.helse-bergen.no
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Sykepleier
    Sted VOSS (Adresse: Sjukehusvegen 16 Postnr: 5700)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Høyere utdanning
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 25-11-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bfc3bfb0-5ada-43a4-95b4-2a65c30198cc
    IMPORTAPI