Job Description
Published 10-11-2024
Deadline: 02-12-2024
Sjukepleiar natt
Om stillinga
Vi søkjer etter sjukepleiarar til 60 % fast stilling på natt. Arbeid kvar 3. helg.
Vi tilbyr rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltreding for eksterne søkjarar.
Om avdelinga
Lindås bu- og servicesenter er ein sjukeheim sentralt på Lindås med plass til 25 bebuarar, fordelt på 17 somatiske plassar og 8 skjerma plassar for personar som lever med demens.
Her jobbar det ein triveleg gjeng med godt humør og stort engasjement for eldreomsorg. Vi tilbyr ulike formar for aktivitet og underhaldning for våre bebuarar som bingo, konsertar, trim og mykje meir.
Vi har ein flott hage som er til stor glede for både bebuarar og tilsette.
For tida er det om lag 40 tilsette ved Lindås bu- og servicesenter.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar ved Lindås bu- og servicesenter skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp i tillegg til medisinsk behandling av bebuarane ved sjukeheimen. Du vil også rettleie studentar, lærlingar og kollegaer.
Kompetansekrav
Vi søkjer ein fagleg trygg sjukepleiar med gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å strukturere både eigen og andre sin arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta. God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysningsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag. Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Kven er du?
Du har ein djup lidenskap for eldreomsorg og ønskjer å bidra til å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for bebuarar og kollegaer. Som ein sjølvstendig medarbeidar samarbeider du effektivt med andre. Du utøver yrket ditt med samvit og omsorg.
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
- Årsturnus
- Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
|
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | LINDÅS (Adresse: Storbruhaugen 36 Postnr: 5955) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 02-12-2024 |