Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 12-12-2024

 

Sjukepleiar med master innan fedmehelse

Vi søker ein engasjert og fagleg dyktig spesialsjukepleiar til vår poliklinikk for overvekt. Hos oss vil du bidra til å gi pasientar støtte og rettleiing i deira helse- og livsstilsendringar.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre kliniske vurderingar og utarbeide individuelle behandlingsplanar for pasientar med overvekt
  • Gi rettleiing og oppfølging i kosthold, fysisk aktivitet og livsstilsendringar
  • Delta i tverrfaglege team og samarbeide med legar, ernæringsfysiologer, fysioterapeuter og psykologar
  • Informere og motivere pasientar i forhold til behandlingstilbod og førebygging
  • Dokumentere pasientforløp og evaluere behandlingseffekt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar og master innan fedmehelse eller annan relevant mastergrad. Annan utdanning kan vurderast
  • Relevant erfaring frå arbeid med overvekt og fedmehelse
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit hos pasientar
  • Interesse for tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg fagleg utvikling
  • Kunnskap om behandling i grupper

Personlege eigenskapar

  • God til å jobbe i tverrfagleg team og samtidig jobbe sjølvstendig
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du likar å jobbe i eit miljø som stadig er i endring

Vi tilbyr

  • Ein spennande og variert stilling i eit engasjert og kompetent team
  • Moglegheit for fagleg utvikling og etterutdanning
  • Gode arbeidsføresetningar og eit triveleg arbeidsmiljø
  • Er du motivert for å gjere ein forskjell for pasientar med overvekt? Vi ser frem til å motta din søknad!

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elona Zakariassen, Avdelingssjukepleiar, 91539107

Arbeidsstad

Ulriksdal 2
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4876976092
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk klinikk/ Tverrfagleg overvektspoliklinikk, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted BERGEN (Adresse: Ulriksdal 2 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6aa372ad-cdc2-416c-ba62-ff7bd76c61be
IMPORTAPI