Sjukepleiar Husnestunet – Kvinnherad kommune Husnestunet
Health and social care Nurse(12 måneder ago)
Job Description
Published 03-12-2023
Deadline: 25-12-2024
Sjukepleiar Husnestunet
Omtale av stillinga
Er du sjukepleier og vil vera med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Hos oss er vi opptatt av at tenestene skal vera fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Saman om kvalitet i tenestene. Husnestunet er ein spennande arbeidsstad med varierte oppgåver og utfordringar, samt eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi står i ein omstillingsprosess, som gjer at vi treng fleire dyktige sjukepleiar med på laget.
På Husnestunet er det to kortidsavdelingar. Den eine avdelinga har 10 plasser, derav to ØH senger, den andre avdelinga har 12 kortidsplassar. Det er og to demensgrupper med tilsaman 15 senger.
Grunna endringa har vi trong for påfyll av fagleg kompetanse. Vi søkjer etter fleire sjukepleiarar i 100% stilling, der 20% av stillinga er knytt til vikarpool. Arbeidet inneber turnus med arbeid kvar 3. helg, men vi ser og på moglegheit med 12 timars vakter kvar 4. helg.
Arbeidsoppgåver
- Utøve direkte sjukepleie til pasientar
- Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
- Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysningar
- Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningslinjer og prosedyrar
- Ha sjukepleiefagleg ansvar i gruppa og på andre grupper når det er behov for det
- Jobbe tverrfagleg med ulike profesjonar
- Medverke til god informasjonsflyt
- Pliktar å halde seg oppdatert innan sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
- Rettleie pasientar/pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
- Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med nokre års erfaring.
- Studentar som går siste året på sjukepleiarutdanning vert og oppmoda til å søkja. Ein føresetnad for fast arbeid er autorisert sjukepleiar til våren.
- Relevant arbeidserfaring.
- Gode IT-kunnskapar.
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning; om ein ikkje får kvalifisert søkjar kan ein vurdera helsefagarbeidar til stillinga, då i eit vikariat.
Personlege eigenskaper
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til samhandle og arbeide tverrfagleg
- Likar utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar med ulike behov, på ein verdig og respektfull måte
- Handtere tidvis travle periodar og hlgt tempo
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO