Sjukepleiar/ helsefagarbeidar – Bemanningssenter Haugesund sjukehus
Health and social care Nurse(20 hours ago)
Job Description
Published 22-12-2024
Deadline: 06-01-2025
Sjukepleiar/ helsefagarbeidar
Ny karriere moglegheit ved Bemanningssenteret til Helse Fonna i Haugesund! Du kan lese meir om oss her!
Vi søkjer etter engasjerte,fleksible og lærevillige helsefagarbeidarar og sjukepleiarar som ønskjer å bli ein del av vårt dedikerte team.
Veit du ikkje heilt kva fagområde du vil jobbe innan? Eller likar du variasjon der ingen arbeidsdag er heilt lik? Kanskje trivs du både med somatikk og psykiatri?
Sjukepleiar 100%
Vi ønskjer å tilsetje1 sjukepleiar. Stillinga passar for deg som ønskjer variasjon, som vil jobbe på fleire avdelingar og klinikkar. Du kan sjølv påvirke kva avdelingar du ønskjer å jobbe på og skape ditt eige kompetansefelt. Dette er ein unik moglegheit til å kunne følgje pasienten sitt behandlingsforløp på sengeposter og poliklinikkar. Vi oppfordrer også dei som ønskjer å ta vidareutdanning og treng å samle seg kompetanse til å søkje. Sjukepleiarar som får sin autorisasjon våren 2025 kan også søkje.
Helsefagarbeidar 100%
Vi ønskjer å tilsetje 2 helsefagarbeidarar i Haugesund. Vi søkjer særskilt etter deg som ønskjer å utvikle ei brei kompetanse innan ulike kliniske område. Du må vere fleksibel, lærevillig og ønskje kompetanseheving og utvikling då me tilbyr sertifisering i prosedyrar som vanlegvis vert utført av sjukepleiar.
I Bemanningssenteret har vi årsarbeidsplan, så du veit når du skal arbeide. Vi har fleksibilitetstillegg som p.t. er på 33 000 kr i året i 100 % stilling. Dette er for at ein skal kunne være fleksibel og kunne bytte inntil 8 vakter per 12-ukersperiode dersom det er behov for det. På denne måten kan Bemanningssenteret bidra til å hjelpe dei ulike einingane når dei får akutt behov for vikar. Vi har også faste fagdagar i turnusen vår.
Om annan stillingsstorleik er meir aktuelt for deg kan du skrive det i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar innanfor fleire fagfelt ved ulike avdelingar
- Diverse undersøkingar
- Administrative oppgåver
- Samhandling med andre instansar
- Tverrfagleg samarbeid
- Oppfølging og rettleiing
- Studentansvar
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar eler helsefagarbeider
- Gode IT-kunnskaper
- Kjennskap til DIPS og Meona er ein fordel, men opplæring blir gitt
- Erfaring frå arbeid i sjukehus er ønskjeleg, men opplæring blir gitt
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og god evne til samarbeid
- Trivst med å arbeide på ulike avdelingar
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- Positiv og utadvendt
- Bidrar til godt arbeidsmiljø
- Stor arbeidskapasitet
- Opptatt av å halde deg fagleg oppdatert
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidsplan
- Fleksibilitetstillegg på kr. 33 000.- pr. år i full stilling
- Varierte arbeidsdagar
- Moglegheit for å byggje brei erfaring og kompetanse på tvers av avdelingar og klinikkar
- Moglegheit til å bli kjent og byggje gode realsjonar til kollega på ulike avdelingar
Kontaktinformasjon
Toril Førland, Funksjonsleiar, +47 99009179
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4895257497
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bemanningssenter Haugesund sjukehus orgnr: 974724774 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-01-2025 |