Job Description

Published 09-01-2025
Deadline: 26-01-2025

 

Sjukepleiar – heimetenesta i Ytre Haram 

Vi søker etter sjukepleiar i 100% stilling, for tida til heimetenesta i Ytre Haram, som er lokalisert i Brattvåg. Stillinga er for tida i turnus, med arbeid på dag/kveld og kvar 4. helg.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i våre avdelingar, og fokuserer på fag og å gi gode tenester til tenestemottakarane. 

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Ivareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.
  • Pleie og omsorg til brukarar.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar. Sjukepleiarar som er ferdig utdanna sommaren 2025 kan søkje. 
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

I Haram kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du har gode evner til å arbeide sjølvstendig i pasientoppfølging og i dialog med pasient/pårørande.
  • Du har gode evner til å følgje oppgitte mål for kvar enkelt pasient, og er oppteken av å gjere pasienten mest mogleg sjølvstendig.
  • Du har gode evner til å ta ansvar i arbeidsoppgåver og i oppfølging av pasientar.
  • Du har godt humør og ei positiv framtoning.
  • Du har lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.
  • Du ønsker å arbeide etter omsorgstrappa, og er oppteken av at pasientar får rett tilbod på rett plass.

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass med base i Brattvåg.
  • Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte.
  • Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
  • Løn etter tariff.    

Kontaktinformasjon

Grete Grytten, Avdelingsleiar , 48295440, grete.grytten@haram.kommune.no
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Storgata 20
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4902747123
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Haram omsorgstenester, Haram kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted BRATTVÅG (Adresse: Storgata 20 Postnr: 6270)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/55196f43-6474-4307-bd2d-e6b413a4a56e
IMPORTAPI