Sjukepleiar fast stilling – Haram omsorgstenester, Haram kommune
Health and social care Nurse(19 hours ago)
Job Description
Published 21-11-2024
Deadline: 08-12-2024
Sjukepleiar fast stilling
Haram kommune søker etter to sjukepleiarar i 100% fast stilling, for tida ved Haram Omsorgssenter. Stillingane er for tida i turnus med 12,5 timersvakter på dag/kveld, og arbeid 4. kvar helg. Haram Omsorgssenter arbeider etter arbeidsmetoden sjukepleiar i stab, og har base i eit fint og moderne lokale på Haramssenteret i Brattvåg. Haram Omsorgssenter er ein institusjon som driftar langtids-, korttids-, rehabiliterings- og demensplassar. Eine stillinga er tilknytta korttids- og rehabiliteringsavdelinga, medan den andre er tilknytta demensavdeling.
Haram Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legger til rette for at våre tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenestar. I 2021 vann Haram Omsorgssenter arbeidsmiljøprisen i Ålesund kommune i lag med Ytre Haram heimeteneste.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver.
- Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientar på langtidsavdeling og korttidsavdeling.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie. Sjukepleiestudentar som er i siste studieår kan også søkje.
- Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
- Personleg egnethet vil bli vektlagt.
- Gode norskferdigheter munnleg og skriftleg.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar
- I Haram kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Godt humør og positiv framtoning.
- Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.
- Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid.
- Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
- Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
- Gode turnusordningar.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Siv Ulla Otterlei, Avdelingsleiar, 46946384, siv.hilde.ulla.otterlei@haram.kommune.no
Beate Austnes Nogva, Avdelingsleiar, 46865766, Beate.Jeanett.Austnes.Nogva@haram.kommune.no
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Storgata 20
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4886819976
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Haram omsorgstenester, Haram kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes. |
Webside | http://www.haram.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | BRATTVÅG (Adresse: Storgata 20 Postnr: 6270) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 08-12-2024 |