Job Description
Published 13-11-2024
Deadline: 08-12-2024
Sjukepleiar
Avdeling for korttid/rehabilitering og KAD har ledig ei spennande stilling for sjukepleiar. Er du den vi ser etter? 😊
Vi planlegg ny turnus for ansvarssjukepleiar på topp og ynskjer å prøve ut langvakter på helg 12,5 timar. Arbeid kvar femte helg.
Stillinga er fast og 100 %.
1. etg ved Gloppen omsorgssenter har 12 korttid- og rehabiliteringsplasser, 2 KAD plasser (kommunal akutt døgneining). Skjerma eining med 10 plassar er også lokalisert i 1. etg. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. I avdelinga har vi eit tett samarbeid med lege, fysio og ergo m.fleire, faste legevisitter kvar veke. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.
Våre verdier er:
Respekt, Kunnskap og Omsorg
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
- Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa.
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
- Opplæringsansvar overfor medarbeidarar/ studenter.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Ynskjeleg med vidareutdanning i geriatri, eventuelt vilje til å ta vidareutdanning i geratri
- Beherske norsk skriftleg og muntleg.
- Har generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen .
Personlege eigenskapar
- Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar.
- Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel.
- Ser sjukepleiarrolla i samspel med andre kollegaer i eininga og er trygg i ansvarsrolla for pasientane.
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysingsorientert.
- Trivast med endringar og nytenking.
- Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Stillinga er idag i tredelt turnus, men ved ønskje om dag/kveld vil vi prøve å finne løysing for det.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Ida Kristin Knutsen Gule, Avdelingsleiar
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4885383399
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune orgnr: 975270440 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. |
Webside | http://www.gloppen.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | SANDANE (Adresse: Grandavegen 9 Postnr: 6823) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 08-12-2024 |