Sjukepleiar – Akuttmottak og observasjonspost, Stord sjukehus
Health and social care Nurse(3 days ago)
Job Description
Published 18-11-2024
Deadline: 04-12-2024
Sjukepleiar
Vi har ledig vikariat som sjukepleiar i helgestilling frå 10.02.2025. I stillinga inngår 16 arbeidshelger/år på dag og kveld.
Hos oss vil du få ein spennande og variert arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø saman med kjekke kollegaer.
Arbeidsoppgåver
- Du jobbar både sjølvstendig og som ein del av eit større team i ein variert og utfordrande arbeidsdag
- Mottak og triagering av pasientar, samt nødvendig pasientoppfølging
- Rettleiing av sjukepleiarstudentar i medisinsk praksis
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
- Må ha relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta.
- Ynskjeleg med erfaring frå akuttmottak
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er pasientorientert
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø også på tvers av profesjonar
- taklar akutte situasjonar og har eit fagleg klinisk blikk
- har høg arbeidsmoral og er villig til å tileigne deg kunnskapar
- arbeidar målretta og strukturert
- er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottek gjerne hjelp
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
- Relevant opplæring
- Eit aktivt, positivt og triveleg arbeidsmiljø med stolte medarbeidarar
- Fagleg utvikling
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anne Møklebust, Funksjonsleiar, +47 97574977
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4887178783
Stillingsprosent: 22%
Vikariat
Startdato: 10.02.2025
Søknadsfrist: 04.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Akuttmottak og observasjonspost, Stord sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
|
Webside | |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | STORD (Adresse: Tysevegen 64 Postnr: 5416) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 10-02-2025 |
Søknadsfrist | 04-12-2024 |