Job Description

Published 09-01-2025
Deadline: 26-01-2025

 

Sjukepleiar 80% fast på natt

Har du lyst til å jobbe i eit spennande og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken ?  Vi har ledig fast 80% fast stilling på natt for tida i team akuttposten.

Utgreiingsmottak 1 har 23 senger og er delt i to team: Team UMO 1 med 17 senger og Team Akuttposten med 6 senger. Dei tilsette er knytta til eit av dei to teama, men vi samarbeider og jobbar på tvers ved behov. 

Team Akuttposten tar imot pasientar som treng medisinsk overvaking og behandling etter inntak av rusmiddel, eller ved behandlingskrevande abstinens. Team UMO 1 greier ut pasientar med uklare og samansette sjukdomsbilete tilhøyrande alle kliniske avdelingar. Pasientane blir triagert i Akuttmottak og deretter overført til Utgreiingsmottak for journalopptak. Vi har ein individtilpassa tilnærming, og er opptatt av å ikkje oversjå somatiske årsaker til pasientens tilstand. Gjennomsnittleg opphaldstid er ca. 24 timer (maks. 48 timer).

Arbeidsoppgåvene i Team Akuttposten er både mottak av pasientar, overvaking, behandling, samt kartlegging av pasientens forhold. Vi har stort fokus på sikkerheit for både pasientar og tilsette. 

I Akuttposten kan vi tilby eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø og ein spennande arbeidskvardag. Her utviklar du kompetanse innan både somatikk, psykiatri og rusproblematikk. Du blir god til å sjå heile mennesket, vere fleksibel, og følge pasientens tilstand og utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Ordinære sjukepleiaroppgåver med tett oppfølging av den enkelte pasient
  • Mottak av pasientar
  • Tett observasjon og oppfølging av pasienten sin tilstand
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga
  • Gje god omsorg for pasient og pårørande
  • Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Det er ønskeleg at du har 2 års erfaring som sjukepleiar innanfor eit eller fleire av desse områda: akuttmedisin, rus/psykiatri 
  • Det er og relevant med vidareutdanning innan dei same områda
  • Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt, tilsvarande Bergenstesten, og du har god munnleg engelsk kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Vi vil gjerne ha fleire kollegaer med godt humør og pågangsmot, men først og fremst må du ha gode kommunikative evner
  • Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du må vere lærevillig og audmjuk i møte med pasientar og pårørande i store, personlege kriser
  • Du beheld roen og evnar å prioritere i stressande situasjonar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp

Vi tilbyr

  • God opplæring og oppfølging
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Internundervisning
  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ine Skåtøy , seksjonsleiar, 55971802
Signe Elisabeth Tynæs, Ass. Seksjonsleiar, 55971854

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4904647396
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 26.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Mottaksklinikken/ Utgreiingsmottak I, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-04-2025
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d2cd5299-1640-4a2a-aff5-514c2bc2e3ab
IMPORTAPI