Sjukepleiar, 80% fast nattevaktstilling – Kirurgisk klinikk/ Avdeling for urologi, Helse Bergen
Health and social care Nurse(14 hours ago)
Job Description
Published 01-12-2024
Deadline: 16-12-2024
Sjukepleiar, 80% fast nattevaktstilling
Kirugisk klinikk post 2 dekker 2 ulike fagfelt: Urologi, bryst- og endokrinkirurgi. Sengeposten har 55 tilsette med eit livleg og samansveisa arbeidsmiljø. Det blir stilt høge faglege krav til pasientbehandlinga, tilsette oppfordrast til å vere undersøkande og nysgjerrig.
Hos oss blir det utført både elektiv og øyeblikkelig hjelp kirurgi innanfor begge fagfelt. Pasientgruppane vi behandlar har i hovudsak kreft, disse kommer for operasjon grunnet kreft i nyre, blære, prostata, bryst og skjoldbruskkjertel. Vi behandler også benigne tilstandar som nyrestein, hematuri, urosepsis og andre infeksjonar.
Tilsette må derfor ha eit godt klinisk blikk og høg organisatorisk kompetanse. Hos oss blir det jobba målretta med forbetring og kompetanseheving gjennom mellom anna simuleringstrening og fagdagar.
Avdelinga har høg aktivitet med fleire inn- og utreiser dagleg. Vi har 26 sengeplassar i vekedagar og 20 sengeplassar på helg.
Vi søker ein driftig sjukepleiar som er klar for å utfordre seg sjølv fagleg, og bidrar til å drive fram avdelinga i sin heilskap. Vi har gode utviklingsmoglegheiter internt. Vi tilbyr 80% fast stilling, for tida med arbeidstid på natt.
Oppstart i stillinga februar/mars 2025 etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Pre- og postoperativ sjukepleie
- Observasjoner og sjukepleie til øyeblikkelig hjelp (ØH) pasientar
- Sjukepleie til palliative pasientar
- Samhandling med kommunehelsetensta
- Kontinuerleg kvalitetssikring og forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant erfaring frå spesialisthelsetenste er ein fordel
- Meistre godt norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk
- Tilpassingsdyktig og løysingsorientert
- Opptatt av kvalitetssikring og forbetring
- Tar ansvar for eigen læring og utvikling
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Opplæring på 2 veker
- Moglegheit for tilleggsfunksjonar etter kvart
- Jamleg simulering med eigne fasilitatorar
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Eit godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Thea Amalie Sagstad Nestaas, Assisterande seksjonsleia, 55970011, thea.amalie.sagstad.nestaas@helse-bergen.no
Jorunn Soley Björnsdottir, Stedlig/fungerande seksjonsleiar, 55970011, jobjor@ihelse.net
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4879159610
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 16.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kirurgisk klinikk/ Avdeling for urologi, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5009) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 16-12-2024 |