Sjukepleiar – 100% vikariat – Manger heimeteneste – Alver kommune
Health and social care Nurse(2 days ago)
Job Description
Published 21-11-2024
Deadline: 09-12-2024
Sjukepleiar – 100% vikariat – Manger heimeteneste
Om stillinga
Vi har ledig 2 vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid kvar 3.helg.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim og i omsorgsbustad pluss. Kvardagen hjå oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp og administrasjon av medisinar. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø, for det beste til brukarane, både innad i kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Om avdelinga
Heimetenesta i Alver er delt inn i 7 geografiske områder der Manger heimeteneste er lokalisert sentralt på Manger. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Avdelinga har ca. 32 årsverk og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy, og til bebuarar som bur i bustad med heildøgnstilbod (bustadene er og sentralt på Manger). Manger heimeteneste kan tilby eit godt og kjekt arbeidsmiljø. Vi er ei avdelinga i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
I det eine vikariatet er det ynskjeleg med kompetanse innan palliasjon.
Kven er du?
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt før tilsetting: Du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus med muligheter for langvakter
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad» Avdeling Manger og Ostereidet driftar også omsorg pluss bustadar. Kvar avdeling er organisert med eigen avdelingsleiar og fagansvarleg.
|
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | MANGER (Adresse: Idrettsvegen 2 Postnr: 5936) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 09-12-2024 |