Sjukepleiar 100 % vikariat – Bokn kommune Pleie- og omsorg

Health and social care Nurse

(1 week ago)

  • BOKN
  •  Post Date: 2. December 2024
  •  Expire date: 1. January 2025
Job Description

Published 02-12-2024
Deadline: 01-01-2025

 

Sjukepleiar 100 % vikariat

Sjukepleiar 100 % vikariat 
 
Er du sjukepleiar og har lyst til å jobbe på ei lita, koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg! Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.
Me nyttar oss av tredelt årsturnus med 325 timar knytta opp mot helgearbeid og har fleksibel årsturnus med val om å avvikle helgetimane med langvakter, eventuelt nattevakter. Me har ledig stilling frå snarast og er fleksible i forhold til ønska stillingsstorleik, men ønskjer å tilsette i minimum 80 % stillingsstorleik.
Stillinga er ledig frå 03.02.25 til 31.01.26, med moglegheit for forlenging.
 
Om arbeidsstaden
 
Pleie- og omsorg består av heildøgnsomsorg i institusjon (sjukestova), omsorgsbustadar, heimetenesta og bu- og aktivitet. Avdelingane er lokalisert på Boknatun i Føresvik.
 
Arbeidsoppgåver i stillinga
 
Ordinære sjukepleiefaglege oppgåver
Medikamenthandtering
Stell og pleie
Tverrfagleg samarbeid
Tillitsskapande miljøarbeid
Veiledning til pasientar og pårørande
Veiledning av kollegaer, studentar/elevar
Halde seg fagleg oppdatert og bidra med fagleg utvikling
Medansvarleg for bruk og innføring av velferdsteknologi i tenestane
 
Kompetansekrav
 
Offentleg godkjent sjukepleiar
Førarkort klasse B
 
Personlege eigenskapar
 
Evne til å motivere og engasjere
Initiativrik og fleksibel
God samhandlingskompetanse
Evne til å arbeide sjølvstendig
Trivast med å arbeide med mennesker
Godt humør og løysningsorientert
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Handtere travle arbeidskvardagar
 
Arbeidsgjevar tilbyr
 
Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bokn kommune Pleie- og omsorg orgnr:
Kort om arbeidsgiver Seksjonen helse og omsorg er inndelt i to ulike einingar og består av pleie- og omsorg og helse. Under pleie og omsorg har vi sjukestova, kommunal institusjonskjøkken, heimetenester og Bu- og aktivitet.

Under avdeling helse har vi legekontor, ergo- og fysioterapiteneste og psykisk helse- og rusteneste.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted BOKN (Adresse: Boknatunvegen 37Bokn kommune Postnr: 5561)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d672fcaf-1b89-4963-8af2-1cd3133c215f
IMPORTAPI