Job Description

Published 05-11-2024
Deadline: 21-11-2024

 

Sjukepleiar – 100% fast stilling

Lærdal sjukehus har ledig stillingar for sjukepleiar på Ortopedisk- og Medisinsk sengepost. 

2 x 100 % fast kombistilling mellom Ortopedisk- og Medisinsk sengepost med tredelt turnus, inkludert helg.

Ortopedisk sengepost er ein spennande arbeidsplass med høgt fagleg nivå, der det hovudsakleg blir utført planlagte ortopediske operasjonar. Avdelinga er spesialisert på kne, hofte og skulderkirurgi med særskilt kompetanse på innsetting av leddproteser. Sengeposten er ein 5 -døgnspost med 12 senger. 

Medisinsk sengepost har 14 senger inkludert to overvakingssenger. Posten driftar for tida to interkommunale senger. 95% av innleggingane er akutt hjelp. Vi er ein generell medisinsk sengepost med diagnosegrupper som blant anna hjarte, lunge, kreft, nevrologi og infeksjon. 

Vil du vite meir om stillinga, ta kontakt med einingsleiar – sjå kontaktinformasjon. 

Stillingane kan ikkje delast opp.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til ortopediske pasienter, pre og postoperativt
  • Sjukepleie til medisinske pasientar
  • Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
  • Opplæring og rettleiing av studentar
  • Arbeidsoppgåver delegert frå leiar

Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.

Kvalifikasjonar

  • Må ha godkjend norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Erfaring frå arbeid med medisinske og ortopediske pasientar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig, fagleg engasjert og målretta med arbeidsoppgåver
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Leige av personalhytte på Filefjell
  • Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

 

 

Kontaktinformasjon

Anja Myklemyr, Einingsleiar ortopedisk sengpost, 975 38 392
Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar medisinsk sengepost, 479 06 594

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4881508805
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.12.2024
Søknadsfrist: 21.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ortopedisk- og Medisinsk sengepost LSH, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted LÆRDAL (Adresse: Sjukehusvegen 9 Postnr: 6887)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-12-2024
Søknadsfrist 21-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d25db6b8-a231-48bd-9c8e-d3fa25ff188f
IMPORTAPI