Sjukepleiar 100 % fast stilling – Heimetenestene, Sykkylven kommune
Health and social care Nurse(3 days ago)
Job Description
Published 02-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Sjukepleiar 100 % fast stilling
Er du sjukepleiar og ute etter nye utfordringar? Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i Heimetenestene distrikt 2!
Stillinga er i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Vi er ein super gjeng som er fagleg engasjerte og stolte av arbeidsplassen vår! Vi søkjer ein sjukepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig men ha gode samarbeidsevner, samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig i avdelinga. Vi nyttar fagdatasystemet Visma Profil til all dokumentasjon rundt pasientane, og turnusprogrammet Visma Ressurs for turnusplanlegging og timelister.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
- Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
- Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
- Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
Personlege eigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Vere strukturert og løysingsorientert
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Vise fagleg engasjement
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Rekrutteringstillegg til nytilsette
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Linda Søvik, avdelingsleiar, 91898759, linda.sovik@sykkylven.kommune.no
Gulay Kar, Einingsleiar Sykkylven Helsehus, +47 47728672
Arbeidsstad
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 4901600255
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Heimetenestene, Sykkylven kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. |
Webside | http://www.sykkylven.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | SYKKYLVEN (Adresse: Haugneset 16 Postnr: 6230) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |