Sjukepleiar – 100 % fast – Ostereidet heimeteneste – Alver kommune

Health and social care Nurse

(1 day ago)

  • OSTEREIDET
  •  Post Date: 2. December 2024
  •  Expire date: 6. January 2025
Job Description

Published 02-12-2024
Deadline: 06-01-2025

 

Sjukepleiar – 100 % fast – Ostereidet heimeteneste

Om stillinga

Vi har ledig 100 % stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3. helg.

Om avdelinga

Ostereidet heimeteneste er en avdeling som har både heimeteneneste og omsorgsbolig pluss. Heimetenesta gir tenester til brukarar i tilhøyrande geografisk område, medan omsorgsboligene gir tenester til bebuarar som bur i heildøgnsbemanna bustadar – Ostertun med 28 leilegheiter. Personalet har fast turnus inne og ute, men må pårekne å jobbe der det er behov for kompetansen. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.

Arbeidsoppgåver 

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim og i omsorgbustad pluss. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert sjukepleiar
  • Førarkort klasse B

Kven er du?

Vi ønskjer oss ein person som:

  • Trivst med å arbeide sjølvstendig
  • Har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Er løysningsorientert og fleksibel
  • Er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • Har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Som medarbeidar hos oss har du ein spanande  og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik( 2 avdelingar) , Ostereidet, Alversund og Lindås.

Avdeling Manger og Ostereidet  driftar også omsorg pluss bustadar. Kvar avdeling er organisert med eigen avdelingsleiar og fagansvarleg.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.

 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted OSTEREIDET (Adresse: Eidavegen 512 Postnr: 5993)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d458dd7d-682d-4494-80d3-e9fafdb87482
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271770