Sjukepleiar – 100% fast Manger heimeteneste – Alver kommune

Health and social care Nurse

(2 days ago)

  • MANGER
  •  Post Date: 21. November 2024
  •  Expire date: 9. December 2024
Job Description

Published 21-11-2024
Deadline: 09-12-2024

 

Sjukepleiar – 100% fast Manger heimeteneste

Om stillinga

Vi har ledig 100 % stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid kvar 3.helg. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim og i omsorgsbustad pluss. Kvardagen hjå oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp og administrasjon av medisinar. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø, for det beste til brukarane, både innad i kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.

Om avdelinga

Heimetenesta i Alver er delt inn i 7 geografiske områder der Manger heimeteneste er lokalisert sentralt på Manger. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Avdelinga har ca. 32 årsverk og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy, og til bebuarar som bur i bustad med heildøgnstilbod (bustadene er og sentralt på Manger). Manger heimeteneste kan tilby eit godt og kjekt arbeidsmiljø. Vi er ei avdelinga i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert sjukepleiar
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Kven er du?

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt før tilsetting: Du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel. Vi ser også etter deg som er under sjukepleie utdanning. 

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus med muligheter for langvakter
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Som medarbeidar hos oss har du ein spanande  og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik( 2 avdelingar) , Ostereidet, Alversund og Lindås.

Avdeling Manger og Ostereidet driftar også omsorg pluss bustadar. Kvar avdeling er organisert med eigen avdelingsleiar og fagansvarleg.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.

 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted MANGER (Adresse: Idrettsvegen 2 Postnr: 5936)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cec6ac4f-ee8f-498a-9d5f-bd16850761b9
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271276