Sjukehusprest/diakon – Seksjon for klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Kultur og kreative yrker Religiøst arbeid(2 weeks ago)
Job Description
Published 07-11-2024
Deadline: 24-11-2024
Sjukehusprest/diakon
Vi har ledig 50% vikariat for sjukehusprest/sjukehusdiakon! Dette er eit vikariat frå 01.01.25 – 31.05.2025, med mogleg forlenging.
Preste – og samtaletenesta i Helse Møre og Romsdal er tilgjengeleg for å støtte pasientar, pårørande og tilsette, og møter menneske i kriser og krevjande livssituasjonar.
Arbeidsstad er for tida i Kristiansund, og det vil i løpet av 2025 bli gradvis flytting til det nye sjukehuset på Hjelset (SNR). Preste– og samtaletenesta har no fire stillingar fordelt på 3,4 årsverk i heile fylket. Stillingane er organisert i seksjon for Kliniske støttefunksjonar i Ålesund.
Du vil ha særskilt ansvar for Kristiansund sjukehus, Nordlandet distriktspsykiatriske senter og etter kvart SNR. Du vert ein del av Preste – og samtaletenesta og samarbeider tett med dei andre prestane i føretaket.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søkanden din.
Arbeidsoppgåver
- Du har samtaler, undervisning og gruppetilbod til pasientar og pårørande
- Du har vegleiing, refleksjon, undervisning og samtaler med tilsette
- Du skal gjennomføre og utvikle ritualer
- Du bidreg til faguvikling innan Preste– og samtaletenesta
- Du deltek i beredskap utanfor ordinær arbeidstid
Kvalifikasjonar
- Teologisk embetseksamen/master i teologi eller diakoni
- Pastoralklinisk utdanning og annan relevant vidareutdanning er ein fordel
- Utdanning og erfaring med undervisning og vegleiing
- Brei kompetanse innan felt for tru– og livssyn
- Erfaring frå samtalepraksis
- Vigsla til prest/diakon i Den norske kyrkja eller tilsvarande innanfor anna kyrkjesamfunn
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig, har gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeidsevner
- Du har evne til å tilpasse seg ulike situasjonar og behov hos pasientar og pårørande
- Du er fleksibel
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Intern veiledning
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Håvard Ervik, Sjukehusprest, 90128764, havard.ervik@helse-mr.no
Bente Marit Borhaug, Seksjonsleiar, +47 70 10 51 77
Arbeidsstad
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4879627632
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 24.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Seksjon for klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Religiøst arbeid |
Sted | KRISTIANSUND N (Adresse: Herman Døhlens vei 1 Postnr: 6508) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 24-11-2024 |