Sjåfør Tine tankbil – Transferd as
(5 days ago)
Job Description
Published 26-03-2025
Deadline: 15-04-2025
Sjåfør Tine tankbil
Transferd avdeling Kaupanger
Vår trufaste sjåfør gjennom 40 år vil trappe ned og vi søkjer difor etter ny tankbilsjåfør i 100% stilling ved vår avdeling i Kaupanger.
Er du ein som trivst bak rattet, verdset sikkerheit og ynskjer å vere ein del av eit team som set standarden i transportbransjen?
Vi søkjer etter ein engasjert sjåfør som er klar for å handtere våre oppgåver for Tine.
Hos Transferd set vi pris på pålitelegheit, profesjonalitet og positiv haldning. Vi ser etter deg som trivst med ansvar, er serviceinnstilt og har eit engasjement for sikkerheit og kvalitet.
Kva vi tilbyr
- Ein inkluderande arbeidsplass med dyktige kollegaer
- Ei sjølvstendig og ansvarsfull rolle
- Konkurransedyktige vilkår og gode sosiale ordningar
- Ein spennande arbeidsplass i vekst
- Tariffavtale med AFP
Er dette deg?
- Ansvarsbevisst og kundeorientert
- Gode kommunikasjonsevner (norskkunnskapar) både skriftleg og munnleg
- Godt humør og eit ynskje om å ta del i eit aktivt miljø
- Trivst i rolla som bedrifta sitt ansikt utad
- Engasjement for sikkerheit og kvalitet
Krav
- Førarkort klasse CE
- Gyldig yrkessjåførkompetanse (YSK)
DIVERSE INFO