Sjåfør for renovasjonsbil – Nordfjord Miljøverk Iks
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(9 hours ago)
Job Description
Published 22-11-2024
Deadline: 08-12-2024
Sjåfør for renovasjonsbil
Likar du å være på vegen i vakre Nordfjord, og ha eit fysisk arbeid og samtidig gjere ein viktig innsats for miljøet i ein spennande og framtidsretta bransje i sterk utvikling, kan dette være jobben for deg !
Litt om oss
NoMil skal vere ein hyggjeleg plass å arbeide, med sterk fokus på arbeidsmiljøet og at våre tilsette skal ha ein trygg arbeidsplass. Vi har sterk fokus på HMS og ynskjer at du bidreg til at vi når våre mål. Vi ynskjer å ha trygge renovatørar som køyrer skadefritt vegar, og du må like å ta vare på bil og utstyr.
Det er viktig å ta vare på miljøet, på våre kundar, og ikkje minst andre trafikantar som ferdast på både tronge og krunglete vegar.
Renovatør/sjåfør
NoMil søkjer etter ny renovatør/sjåfør i 100% fast stilling med oppmøtestad på Nordfjordeid i Stad kommune.
For stillinga er det eit krav om at du har:
-
førarkort klasse C eller CE og YSK
-
god hele og fysikk
-
snakkar og forstå norsk tilsvarande nivå B2
-
normale digitale ferdigheitar
-
fagbrev innan transportfag vert vektlagt
Personlege eigenskapar
Du bør ha en positiv innstilling, og vere ein engasjert og god kollega med godt humør. Det er viktig å ha god arbeidsmoral, vere nøyaktig og til å stole på, og lojal mot selskapet og våre abonnentar.
Vi tilbyr
-
ein attraktiv arbeidsplass med gode kollegaer
-
konkurransedyktige lønsvilkår med tillegg for fagbrev
-
gode pensjons- og AFP ordning gjennom KLP som og tilbyr gunstige private lån og forsikringar
Nomil er oppteken av å ha gode og ryddige forhold på arbeidsplassen, og gje god opplæring og personleg utvikling til våre tilsette.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Nordfjord Miljøverk Iks orgnr: 877554392 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfalls-handtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane med avdelingar på Nordfjordeid og i Florø |
Webside | https://www.nomil.no |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Renholdere og renovasjon |
Sted | SANDANE (Adresse: Eidsmona 36 Postnr: 6823) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 08-12-2024 |