Job Description

Published 02-10-2024
Deadline: 16-10-2024

 

sivilforsvarsadjutant

Sivilforsvaret har ledig stilling som beredskapsmedarbeidar med ansvar for forvalting av personell i Sør-Trøndelag sivilforsvarsdistrikt. Vi ser etter deg som er interessert i samfunnstryggleik generelt, og som ønskjer å bidra til å vidareutvikle beredskapen i Sivilforsvaret spesielt. Du skal som sjølvstendig og strukturert lagspelar leggje til rette for samvirke mellom beredskapsaktørane i Trøndelag. Den primære arbeidsoppgåva di vil vere å planleggje og leggje til rette for dei tenestepliktige i Sivilforsvaret. I tillegg skal du bidra til den heilskaplege løysinga av distriktsoppgåvene. 
 
Du skal  

  • planleggje og gjennomføre rekruttering av tenestepliktige til avdelingane i distriktet 
  • planleggje og leggje til rette for kompetansebehovet for grunnkurs og videregåendekurs 
  • ha ansvar for rettleiing og opplæring av tenestepliktige 
  • inngå i vaktordninga og stabsarbeid i distriktet 

  
Kvalifikasjonar 
 
Du må ha:

  • eitt-års studium frå høgskule pluss relevant erfaring. Anna relevant utdanning og erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse 
  • god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk 
  • erfaring med og god forståing av digitale verktøy 
  • førarkort klasse B 
  • følgjande personlege eigenskapar: 
    • sjølvstendig 
    • strukturert 
    • lagspelar 
    • tillitsskapande 
    • gode kommunikasjonsevner  

 Vi ønskjer at du har:

  • relevant erfaring frå offentleg forvalting av personell og/eller beredskapsarbeid i Sivilforsvaret eller annan relevant beredskapsaktør 
  • erfaring med instruksjon og opplæring 
  • førarkort BE, C1E, D1E, truckførarbevis 
  • erfaring med leiing 

 Vilkår  
Fast stilling som sivilforsvarsadjutant (stillingskode 0331) med årsløn frå kr 557 100 til kr 604 900 (lønstrinn 57–62) avhengig av kvalifikasjonsnivå.  
 
Tryggleiksklarering Den som får tilbod om stillinga, må vere klarert til nivå HEMMELEG før tiltreding. 
 
 
Om Sivilforsvaret, distriktet og stillinga  
 
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og blir leidd av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskapar som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, kvart av dei under leiing av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat. I tillegg er det ein krigsreserve med ytterlegare tenestepliktige.   
  
Sivilforsvarets hovudoppdrag er å verne befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har myndigheitsansvar for ei rekke sivile vernetiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørgje for at god beredskap blir halden oppe i heile landet og bistår som forsterkningsressurs når nødetatane og andre myndigheiter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar beståande av tenestepliktige mannskapar og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 220 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar på DSB sine vegne, og tar fra 2024 over ansvaret for logistikkverksemd ved donasjon og materiell.  
Sør-Trøndelag sivilforsvarsdistrikt held til i Trondheim og har 10 tilsette. Området dekkjer dei noverande 20 kommunane i den sørlege delen av fylket. Vi har eit utstrekt samarbeid både med naudetatane (politi, brann og helse) og med statsforvaltarane, kommunane, frivillige, forsvaret og andre aktuelle verksemder. Distriktet har 560 tenestepliktige fordelt på 31 operative avdelingar med mannskap og befal som er busette i den sørlege delen av fylket. Dei tilsette skal gjennom opplæring, årlege øvingar og materialtilsyn sørgje for at Sivilforsvaret er i stand til å løyse oppgåvene sine. 
  
Som beredskapsmedarbeidar vil den primære arbeidsoppgåva di vere å planleggje og gjennomføre rekruttering av tenestepliktige. I dette inngår innkalling, oppfølging, utløning og saksbehandling. Du må forvente å gjennomføre nødvendig intern opplæring. Tilsette i sivilforsvaret må vere fysisk og psykisk skikka til å vere i beredskap og delta på øvingar og innsatsar. Ved større hendingar må du vere klar til å stille på jobb på kort varsel, og det må påreknast arbeid utanfor ordinær arbeidstid. Distrikta har vaktordningar der medarbeidarane går vaktturnus. Ei viss reiseverksemd må påreknast. 
 
 
 
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
 
 
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
 
 
Hos oss får du

  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
  • fleksibel arbeidstid
  • bedriftshelseteneste
  • høve til å trene i arbeidstida
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

  
 
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
 
 
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
 
 
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. DSB vil vurdere å gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
 
 
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er 
distriktssjef Erik Klomsten  : e-post erik.klomsten@dsb.no, telefon 72 56 50 06  
 
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!
 
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap orgnr: 974729385
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted TRONDHEIM (Adresse: Postnr: 7031)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/aa668f30-38fa-4977-bfbf-65380fb3df5b
IMPORTAPI