Job Description

Published 26-11-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Sikkerheitskontrollør tunell

På avdelinga for infrastruktur og veg tek vi vare på fylkeskommunene sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi har ein arbeidskvardag med mange spennande oppgåver innan planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunellar og bruer. Målet vårt er å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane. Innanfor avdeling for vedlikehald, drift og beredskap ligg ansvaret for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane. Dette omfattar inspeksjon, planlegging av tiltak, fylgje opp entreprenørar på drift, elektro og vedlikehaldstiltak og fylgje opp økonomi innan tildelte midlar. Avdelinga har eit beredskapsansvar der ein vurderer og set i gang tiltak for å sikre trygge vegar ved uvær, skred eller flaum.

Arbeidsoppgåver

Som sikkerheitskontrollør tunell er dine oppgåver å samordne tiltak i tunellane for å ivareta sikkerheit for dei som brukar tunellane. Stillinga er forskriftsmesig forankra i Forskrift om minimum sikkerhetskrav til visse tuneller på fylkesvegnettet § 6. Sikkerheitskontrollør tunell skal kontrollere at driftspersonal og redningsteneste får opplæring, og delta i organisering av øvingar. Du skal delta i fastsetting av sikkerheitsplanar og spesifisering av konstruksjon, utrusting og drift av både nye og eksisterande tunellar.

  • Kontrollere at driftspersonal og redningsteneste får opplæring, og delta i organiserte øvingar
  • Koordinere og jobbe med tryggleik og lovverk knyta til vegtunellar
  • Samarbeide med tunellmiljøet i fylket og med kollegaer i andre fylke
  • Delta i fastsetting av sikkerheitsplanar av konstruksjon, utrusting og drift av både nye og eksisterande tunellar

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule innan sikkerheitsarbeid på min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet
  • Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast
  • Det er ein fordel med erfaring og god fagleg tyngde frå tunellvedlikehald og sikkerheitsarbeid

Personlege eigenskapar

  • Du er kjent med, og har klare meiningar rundt utøving av forvaltning og kontrolløroppgåver
  • Evne til å samarbeide på tvers av organisasjon
  • Gode personlege eigenskapar som kommunikasjon- og samarbeid vil bli vektlagt
  • Den rette kandidaten identifiserer seg med verdiane våre, kompetent, open og modig

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

Kontaktinformasjon

Eivind Yttri, Avdelingsleiar, 90830854

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4888638474
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver INV – Vedlikehald, drift og beredskap, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside https://www.vestlandfylke.no/
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid
Sted BERGEN (Adresse: Lars Hilles gate 22 Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fcd4c81b-1757-483a-8dcc-24a76cd0a451
IMPORTAPI