SFO-koordinator – Vindafjord kommune Ølen skule

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(1 day ago)

  • ØLEN
  •  Post Date: 2. October 2024
  •  Expire date: 20. October 2024
Job Description

Published 02-10-2024
Deadline: 20-10-2024

 

SFO-koordinator

Me søker:

Er du barne og ungdomsarbeidar eller har anna relevant utdanning eller erfaring? Me treng ein person i 40% fast stilling som SFO-koordinator ved Ølen skule, stillinga er ledig frå 1.1 2025. SFO-koordinator jobben kan kombinerast med andre stillingar/oppgåver på skulen. 

Hovudarbeidsoppgåve

  • Møter SFO-leiing 1 gong per veke
  • Dagleg link i SFO-arbeidet, “halda ein raud tråd”
  • Ansvar for utstyr til aktivitetar
  • Måltidsplanlegging (handle inn)
  • Aktivitetskalender
  • Heim/SFO samarbeid
  • Utarbeida og justera rutinar
  • Fakturering
  • Lister for SFO og ferie-SFO
  • Kontakt med andre skular angåande ferie-SFO
  • Fleire arbeidsoppgåver kan koma etterkvart

Kvalifikasjonar:

  • Gode datakunnskaper (word, excel, Visma) her kan ein få opplæring
  • Jobbe sjølvstendig, systematisk og ta ansvar
  • Samarbeidsvillig
  • Pedagogisk 
  • Trives med å jobbe med å jobbe tverrfagleg
  • Jobba for å utvikla og vedlikehalde ein god SFO
  • halde seg oppdatert på gjeldande lovverk og retningslinjer i samband med SFO
  • Interesse, motivasjon og engasjement for fagfeltet
  • Positivt elevsyn

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera god på samarbeid 
  • Vera ein autoritativ vaksen med haldning om at barn gjere så godt dei kan når dei kan
  • Løysningsorientert
  • Omsorgsfull, trygg og forutsigbar

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Som SFO-koordinator vil ein ha eit funksjonstillegg på kr. 30.000 i tillegg til løn. 

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

  • Ølen skule er 1- 10 skule med 330 elevar
  • Velkomstklasse for heile Vindafjordskulen er på Ølen skule
  • Ligg sentralt til i Ølen
  • Me har eit aktivt og engasjert personale.
  • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Ølen skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Ølen skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 280 elevar. Skulen ligg i Ølen sentrum og kan tilby deg jobb i eit engasjert, inkluderande og positivt arbeidsmiljø. Ølen skule arbeidar for god trivsel og for å utvikla eit godt, trygt og systematisk læringsmiljø. Skulen legg vekt på tilpassa opplæring og tidleg innsats. Arbeid med fagfornyinga har fokus i tida framover. Skulen har elevar frå fleire nasjonar, og har fokus på at dei skal vera ein naturleg del av elevflokken. Vindafjord sin velkomstklasse for nye elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn er lagt til Ølen skule.
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ØLEN (Adresse: Litlehagen 15 Postnr: 5580)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/29513fa8-aa5c-4580-aaec-dc684e4db9ae
IMPORTAPI