Job Description
Published 28-02-2024
Deadline: Unknown
Sesongvertar til Tungenes fyr
Vertejobben på Tungenes Fyr
Tungenes Fyr i Randaberg søker deg som liker å vera vertskap og formidle.
- Formidle historia om fyret og maritim historie
- Vertskap
- Enkel kafédrift
- Lett reinhald
- Enkelt hagearbeid/stell av uteområde
Arbeidstid: Sundagar (ca 5 timar) i sesongen februar – november, og alle dagar i skuleferien.
Det kan òg vere aktuelt med oppstart etter sommarferien.
Jobben kan passe for vidaregåande elevar, studentar eller andre interesserte.
Om Tungenes Fyr
Tungenes Fyr er eit kulturelt fyrtårn med eit mangfaldig aktivitetstilbod.
I fyrbygninga kan ein oppleve korleis fyrvaktaren og familien hans budde på 1930-tallet. I uthuset er det ulike temautstillingar. Ny utstilling er under bygging i det gamle sjøbruksmuseet.
Tungenes og områda rundt er populære utfartsstader for folk i Sør-Rogaland og turistar. Naturopplevingane er storslåtte og rike i allslags vêr, og til alle tider. Med skipsleia rett utafor har ein alltid ei kjensle av at noko skjer. Mange kombinerer besøket på Tungenes Fyr med ein gåtur i Tungevågen.
Tungenes Fyr ligg ytterst på nordspissen av Randaberg.
Kvalifikasjonskrav og eigenskapar
- Du bør ha litt interesse for historie og gjerne like å formidle
- Du må kunne arbeide sjølvstendig
- Du må kunne ta ansvar
- Du bør vera utadvendt og imøtekomande
- Du må kunne ta imot publikum på ein god måte
- Du må like å vera vertskap
- Du må kunne setje deg inn i historia til fyret
- Du må kunne formidle både på norsk og engelsk
- Du må ha fylt 16 år i løpet av 2024
Alle verter må levere godkjent politiattest ved tilsetting.
Me vil gje gutter ei ekstra oppfordring om å søke.
Jærmuseet tilbyr
- God opplæring
- Arbeidstid etter oppsett arbeidsplan for vertar
- Løn etter tariffavtale
- Gratis inngang på alle Jærmuseet sine anlegg
Spørsmål om stillingane kan rettes til:
Lars H Aalgaard Kingsrød, driftskoordinator
Telefon 96 64 79 99
E-post: lhak@jaermuseet.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Jærmuseet orgnr: 974192403 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi. Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar. Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca 200.000.
|
Webside | https://www.jaermuseet.no/ |
Bransje | Håndverkere |
Yrke | Vaktmester |
Sted | RANDABERG (Adresse: Tungenesveien 217, Postnr: 4070) |
Stillingstype | Sesong Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | Unknown |