Serviceteknikar – IDI – Vestland tannhelseteneste, Vestland fylkeskommune
Construction Andre ingeniører(20 hours ago)
Job Description
Published 20-11-2024
Deadline: 06-12-2024
Serviceteknikar
Er du vår nye serviceteknikar i Vestland tannhelseteneste?
Vestland tannhelseteneste har ledig stilling som teknikar. Vi søkjer etter ein ivrig, sjølvstendig, innsatsvillig og dyktig teknikar som kan bidra til at Vestland tannhelseteneste når målet om å kunne levere tann- og munnhelsetenester av høg kvalitet til innbyggjarane i heile Vestland fylke.
Arbeidsoppgåver
Som teknikar vil du være mykje ute på fleire av våre 55 tannklinikkar. I tillegg til å hjelpe dei tilsette ute på tannklinikkane, vil du også måtte gjere reparasjonar og arbeid som dukkar opp på vår nye og moderne verkstad på Melkeplassen/Laksevåg i Bergen. Verkstaden på Melkeplassen vil også vere din kontorstad.
Som serviceteknikar har du ansvar for service, montering, feilsøking og reparasjon på, mellom anna, behandlingsstolar, autoklavar, kompressorar, sugemotorar og røntgenutstyr.
Kvardagen som serviceteknikar er varierande med oppgåver som du må løyse aleine og oppgåver som du må samarbeide med våre andre teknikarar om. Om det er behov for opplæring på dentalteknisk utstyr, vil du få det – både av dine gode kollegaer og av leverandørane.
Du vil få ein spanande kvardag, der du møter mange folk som set pris på det arbeidet du gjer på tannklinikken. Du styrer kvardagen din sjølv, saman med dei andre tilsette på vår tekniske avdeling. I og med at det er lange avstandar i Vestland fylke, disponerer du ein eigen bil som du bruker i arbeidet ditt.
Det er venta at du jobbar systematisk og er flink til å planlegge dagane dine som teknikar i Vestland tannhelseteneste.
Kvalifikasjonar
Det er eit krav at du har fagbrev som dataelektronikar (serviceelektronikar), har ein bachelorgrad eller toårig fagskule innan elektronikk eller utdanning som gir tilsvarande relevant elektrokompetanse. Det er ein fordel om du har samtykke til å reparere elektromedisinsk utstyr. Om du ikkje har det, må du vere villig til å få denne kompetansen. Det er ein føresetnad at du har førarkort klasse B og at du beherskar norsk.
Personlege eigenskapar
Det er viktig at du trivast med høg grad av sjølvstende, at du er nøyaktig og har ønskje om å ta ansvar i jobben. Kvardagen din i Vestland tannhelseteneste kan vere hektisk, difor må du handtere stress. Det er også viktig at du er flink til å samarbeide med dei tilsette på klinikkane våre.
Sjølv om jobben handlar mest om montering, service og reparasjon, er det viktig at du kan utføre administrative oppgåver som dokumentering og skriftleg oppfølging.
Vi tilbyr
Ein serviceteknikar i Vestland tannhelseteneste blir ein del av ein stab som har som hovudfokus på å utvikle den offentlege tannhelsetenesta i Vestland. I tillegg til verkstaden på Melkeplassen, vil du få kontorplass i det nye fylkesbygget i Bergen sentrum. Vi kan tilby løn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk og alle nytilsettingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du blir varsla før søkjarliste vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Clara Øberg, Stabsleiar, 41530713
Witold Osuch, Dentalteknikar, 95229091
Eirik Lunde, Teknikar, 46945600
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4888176851
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2024
DIVERSE INFO