Seniorrådgjevar / Utgreiingsleiar – Kommunal- og distriktsdepartementet

Education Research work

(1 week ago)

  • OSLO
  •  Post Date: 6. November 2024
  •  Expire date: 21. November 2024
Job Description

Published 06-11-2024
Deadline: 21-11-2024

 

Seniorrådgjevar / Utgreiingsleiar

Om stillinga

Bustad- og bygningsavdelinga har ledig stilling som seniorrådgjevar / utgreiingsleiar i seksjon for budsjett og styring.

Seksjonen har ansvar for avdelinga sitt arbeid med statsbudsjettet, og for etatsstyringa av Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) og Husleigetvistutvalet (HTU). I tillegg har seksjonen ansvar for økonomiske verkemiddel innanfor avdelinga sitt område, som bustøtteordninga og låneramma til Husbanken. Seksjonen følgjer også opp verksemdstyringa og ulike tverrgåande utviklingsoppgåver i avdelinga, til dømes for Bustadmeldinga som blei lagt fram for Stortinget våren 2024. Seksjonen har utstrekt samarbeid med andre avdelingar, departement og politisk leiing, i tillegg til dei tre etatane som er underlagt avdelinga.

Hos oss får du bidra til at bustad- og bygningspolitikken til regjeringa blir gjennomført med kvalitet og etter den planen som til ei kvar tid gjeld. Du vil løyse spennande oppgåver og ha ei viktig rolle i departementsarbeidet. Vi samarbeider tett om det vi leverer gjennom god dialog og delingskultur. Vi har eit arbeidsmiljø kjenneteikna av tryggleik, glede og humor. Vi er eit sterkt fagleg sekretariat for politisk leiing og treng fleire gode og samfunnsengasjerte folk med på laget.

Arbeidsoppgåver

Du kjem til å:

  • greie ut, koordinere og kvalitetssikre avdelinga sin del av statsbudsjettet i samarbeid med kollegaer i bustad- og bygningsavdelinga, andre avdelingar og underliggjande verksemder
  • bidra i avdelinga sitt arbeid med etatsstyring
  • bidra inn i ulike utgreiingsarbeid i seksjonen og avdelinga
  • støtte politisk leiing i samband med førespurnader frå media, spørsmål frå Stortinget og liknande
  • bidra i avdelinga sitt arbeid med styring av eigen verksemd, f.eks. planlegging og internbudsjett

Som utgreiingsleiar vil du i tillegg ha ansvar for å leie større prosessar som kan involvere fleire seksjonar, fagavdelingar, etatar, departement og eksterne aktørar.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fullført relevant mastergrad i samfunnsøkonomi eller annan samfunnsvitskapeleg utdanning
  • kjennskap til arbeidet med statsbudsjettet og politiske avgjerdsprosessar
  • erfaring med statistikk- og analysearbeid
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • interesse for bustadpolitikk og offentleg forvalting

Som seniorrådgjevar må du ha minst fem års relevant arbeidserfaring.

Som utgreiingsleiar må du ha minst åtte års relevant arbeidserfaring, og solid erfaring med å leie prosessar eller prosjekt som krev involvering og samarbeid med andre personar/fagfelt.

Det er ønskeleg at du har:

  • erfaring med statsbudsjettarbeid
  • erfaring med verksemdstyring og/eller etatsstyringsarbeid
  • prosjektleiarerfaring og/eller -utdanning
  • kunnskap om bustad- og bygningspolitikk

 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som bidrar til eit godt arbeids- og læringsmiljø gjennom mellom anna å ta initiativ til samarbeid, som ser løysingar og som bidrar til ein delingskultur. Du har god rolleforståing, er trygg på eigen kompetanse og ser dei ulike sakene i ein heilskap.

I tillegg søkjer vi deg som:

  • er analytisk og har evne til raskt å sette deg inn i og løyse komplekse problemstillingar
  • tar initiativ til løysingar og involverer kollegaer og leiar ved behov
  • er nøyaktig og jobber planmessig og målretta 
  • er fleksibel og kan handtere hasteoppdrag med korte tidsfristar

 

Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.

Vi tilbyr

Vi ønskjer deg velkommen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr:

  • kompetanseutvikling i eit sterkt fagmiljø
  • fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommartid
  • arbeidsplass sentralt i Oslo sentrum
  • molegheit til å trene i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne- forsikrings- og pensjonsordningar
  • eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette, eige bedriftsidrettslag og bedriftshelseteneste

Som ny i KDD får du heilt frå starten av oppgåver som utfordrar deg, og du får ein fadder som følgjer deg opp. Departementet har eit introduksjonsprogram der du blir kjent med nytilsette i dei andre avdelingane. For tilsette under 40 år er det ei eiga foreining, Ung i KDD. Nettverket skal bidra til å skape ein arena der unge i departementet kan møtast jamleg til faglege og sosiale samankomstar. Ønskjer du å vite meir om korleis det er å jobbe hos oss, kan du lese meir her: https://nettsteder.regjeringen.no/jobbikdd/ansatte-om-kdd/

Løn: Stillinga er lønt som seniorrådgjevar eller utgreiingsleiar frå kr 650 000–845 900 per år. Stillings- og lønsinnplasseringa kjem an på erfaring og kvalifikasjonar. Vi kan òg vurdere høgare løn for særleg relevante søkjarar. 

Frå løna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse.

Autorisasjon: Tilsette i Kommunal- og distriktsdepartementet må kunne autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter sikkerheitslova. Les meir om autorisasjon her: https://nettsteder.regjeringen.no/jobbikdd/rekrutteringsprosessen/

Slik søkjer du

Vi er opptekne av kva du kan, erfaringane og kompetansane dine, og vil derfor stille deg nokre faglege spørsmål, framfor å be deg skrive ein søknadstekst. Når du trykkjer på “Søk stillinga” kjem du til rekrutteringsportal og må logge inn. I portalen er det viktig at du:

  • Svarar på spørsmåla du får innleiingsvis. Spørsmåla erstattar søknadsbrev/tekst
  • Fyller ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for m.a. å ta vare på kravet om fullstendige søkjarlister
  • Laster inn vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsstadfestingar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HKDir

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les meir om inkludering og mangfald her. 

KDD nyttar Semac bakgrunnssjekk i gjeldande rekrutteringsprosess. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke frå kandidaten, og inneber mellom anna at vi verifiserer CV og annen søknadsdokumentasjon i samband med tilsettinga. Tilsetting føreset godkjend bakgrunnssjekk.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjorde sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kontakt: fung. avdelingsdirektør Ingrid-Therese Øverland, tlf. 986 77 593 eller e-post Ingrid-Therese.Overland@kdd.dep.no

For spørsmål om rekrutteringsprosessen kan du kontakte rekrutteringsrådgjevar i DSS, Trine Havnes Mykløy, på tlf. 959 28 940 eller e-post trine-havnes.mykloy@dss.dep.no.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kommunal- og distriktsdepartementet orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har om lag 250 tilsette og er sekretariat for kommunal- og distriktsministeren. Departementet har ansvar for kommuneøkonomi og lokalforvalting, regional- og distriktspolitikk, bustadpolitikk, plan- og bygningslova, kart- og geodatapolitikken, valgjennomføring og politikken overfor samar og nasjonale minoritetar. Departementet har fleire underliggjande etatar og verksemder, mellom anna Direktoratet for byggkvalitet, Distriktssenteret, Husbanken, Husleigetvistutvalet, Internasjonalt reindriftssenter, Kartverket og Valdirektoratet.
 

Bustad- og bygningsavdelinga har ansvaret for å følge opp bustad- og bygningspolitikken til regjeringa. Avdelinga har etatsstyringsansvaret for Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet og Husleigetvistutvalet. Regjeringa har to hovudmål for bustad- og bygningspolitikken:

  • Tilgang på eigna bustader og trygge buforhold i heile landet
  • Berekraftig byggeverksemd med digitale og effektive byggeprosessar

     

 

Webside https://www.regjeringen.no/no/dep/kdd/id504/
Bransje Utdanning
Yrke Forskningsarbeid
Sted OSLO (Adresse: Akersgata 59 Postnr: 0180)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/dca71c5d-4df2-4f31-8ad4-84dd38d066f0
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269112