Seniorrådgiver juridisk seksjon – Tolletaten

Kontor og økonomi Kontor, forvaltning og saksbehandling

(5 hours ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 7. November 2024
  •  Expire date: 21. November 2024
Job Description

Published 07-11-2024
Deadline: 21-11-2024

 

Seniorrådgiver juridisk seksjon

Vil du bidra til å løyse samfunnsoppdraget til Tolletaten? Regelverket for grensekryssande vareførsel har aldri vore viktigare. Vareførselsdivisjonen i Bergen søkjer etter juristar (seniorrådgivar) som kan støtte oppdraget vårt 
 
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. I tråd med verksemdsstrategien til etaten skal digital dialog og tidleg informasjonsinnhenting gi rask, effektiv og korrekt handtering av varestraumane. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering.
 
Vareførselsdivisjonen (VD) skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar og er etablert med hovudkontor i Bergen. Divisjonen står framfor mange utviklingsoppdrag, og vi er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.
 
Juridisk seksjon har p.t. 17 tilsette inkludert leiaren. Den primære rolla til seksjonen er som nasjonal eining for regelverks- og prosedyreutvikling. Juridisk seksjon skal yte juridisk bistand til vareførselsdivisjonen og til eksterne aktørar som har behov for avklaring av komplekse juridiske spørsmål innanfor ansvarsområdet vårt.  Vi har òg oppfølgings- og koordineringsansvar for 13 samarbeidande aktørar, til dømes Mattilsynet, Miljødirektoratet og Direktoratet for medisinske produkt.  Vi søkjer no etter fleire juristar for å styrkje laget vårt særleg i høve til regelverksutvikling. 
 
Kva går jobben ut på? 
Hos oss skal du jobbe med regelverksutvikling og rettslege avklaringar av komplekse problemstillingar innanfor vareførselsfaget. Du får bidra med juridiske avklaringar i dagsaktuelle saker som har stor betydning for samfunnet. Arbeidet vil vere knytt til utviklingsprosjekt, regelverks- og prosedyreutvikling og utgreiing av juridiske problemstillingar innanfor ei rekkje ulike regelverk, både nasjonale og internasjonale. 
Du må rekne med at det blir litt reising. 
 
Sentrale arbeidsoppgåver:

  • leie og delta i utgreiingar, prosjekt og arbeidsgrupper
  • identifisere behov for og greie ut prinsipielle regelverksavklaringar i digitaliseringsprosjekt 
  • være pådrivar for regelverksutvikling knytt til prosjekt
  • bidra til utforming og identifisere behov for styrande dokument i prosesser og prosjekter 
  • yte juridisk bistand til vareførselsdivisjonen og andre delar av Tolletaten innanfor vareførselsfaget

 
Kvalifikasjonar:

  • juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap 
  • god fagleg kunnskap og godt fagleg skjønn
  • gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg (norsk og engelsk)
  • bred relevant arbeidserfaring

 
Det er krav om erfaring fra minst eit av følgande punkt:

  • å leie prosessar, arbeidsgrupper eller liknande
  • juridisk utviklingsarbeid
  • digitaliseringsarbeid

 
Det er ynskeleg med:

  • kompetanse innan personvern
  • erfaring frå internasjonal rett og EØS-rettslege spørsmål

 
Vi søkjer deg som

  • har gode samarbeidsevner, lyttar og bidreg til godt samarbeid i interne og eksterne arbeidsgrupper
  • er trygg i eiga rolle og har tillit til eigne faglege evner
  • har evne til å ta initiativ og er løysingsorientert 
  • trivst med å handtere mange oppgåver samtidig
  • er strukturert og leverer god kvalitet innanfor fristen

Kva kan vi tilby deg?

  • Interessante juridiske oppgåver som vil gi deg kompetanse innanfor mellom anna tollregelverket, skatterettslege spørsmål, regelverk som følgjer av internasjonale avtalar, og regelverket til dei samarbeidande aktørane våre 
  • Eit fagleg miljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer
  • Ei fleksibel arbeidstidsordning
  • Mulighet for bevegelse i arbeidstida (BiA)
  • Høve til å leige feriestadene til Tolletaten
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Lønn som seniorrådgivar i lønnsspennet kr 692 400 til kr 796 600, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

 
Verdt å merkje seg
Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss, derfor tilbyr vi deg som er aktuell for stillinga, ein omvend referansesjekk. Det betyr at du kan ringje nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje, for å finne ut om vi er ein god match. 
Dersom dette høyrest ut som ei stilling du er interessert i og har lyst til å vite meir om, er du velkommen til å kontakte seksjonssjef Åse Tordahl Nøstbakken på telefon  992 60 035. 
 
 
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tolletaten orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted BERGEN (Adresse: Postnr: 5037)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7f1e0a02-75b7-4041-a49d-a0e06974b5c8
IMPORTAPI