Senioringeniør – Universitetet i Bergen

Construction Andre ingeniører

(1 week ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 27. June 2024
  •  Expire date: 5. August 2024
Job Description

Published 27-06-2024
Deadline: 05-08-2024

 

Senioringeniør

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør 

Ved Institutt for biomedisin, kjernefasiliteten for proteomikk (PROBE), er det frå september 2024 ledig ei fast 100 % stilling som senioringeniør. 

Om stillinga/prosjektet:
Proteomikkplattforma ved Universitetet i Bergen (PROBE) blei etablert i 2002 og fungerer som ei kjernefasilitet for proteomikkanalysar for forskingsgrupper i Noreg. PROBE er lokalisert på Institutt for biomedisin. Omlag 40 ulike prosjekt bruker PROBE kvart år for å få utført proteomikkanalysar. Analysane grunnar seg på avansert prøveopparbeiding og massespektrometri. PROBE har to massespektrometarar som nyttast i dette arbeidet (Orbitrap Eclipse og Exploris). PROBE har i dag ein fast stab med ein professor og to ingeniørar, i tillegg til assosierte professorar, ph.d.-studentar og lågaregrads studentar som arbeider i forskingsprosjekt innan proteomikk og bioinformatikk. 

Dei mest brukte analytiske metodane i dag er: (1) Shotgun proteomics, som inkluderer label-free (DDA and DIA), TMT, og SILAC basert proteinkvantifisering. (2) Analysar av posttranslasjonelle modifikasjonar, inkludert fosforylering.

Software som nyttast er blant anna PD og  spectronaut. Stillinga vil i stor grad vere knytt til oppgåver relatert til servicearbeid og prosjekt på PROBE, samt drift og vedlikehald av instrument.

Det må påreknast at andre oppgåver ved instituttet òg kan inkluderast i arbeidet etter behov. 

Leiar for PROBE er næraste leiar, og administrasjonssjefen er linjeleiar for stillinga. 

Arbeidsoppgåver:

  • Utstyrsansvar og spesialfunksjonar ved PROBE som sjølvstendig ansvar for avanserte driftsoppgåver, formidlingsoppgåver og kvalifiserte utviklingsoppgåver knytt til service og forsking.
  • Ansvar for dagleg vedlikehald av massespektrometarar og HPLCer ved PROBE, som til dømes kalibrering, oversyn med maskinar og grunnleggande vedlikehald.
  • Arbeidet inneber òg utføring av service og forskingsoppdrag som til dømes opparbeiding av biologiske prøvar med ulike proteomikkmetodar, analyse av prøvane på massespektrometrane, og bioinformatisk analyse av data.
  • Andre oppgåver vil til dømes vere bestilling av materiell som trengs i laboratoriet, kommunikasjon med brukarane av PROBE samt etablering av nye proteomikkmetodar.
  • Stillinga omfattar høgt kvalifisert fagleg arbeid.

    Det kan bli aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha minst mastergrad, helst ph.d.-grad, innanfor relevant fagområde. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er eit krav med relevant praktisk laboratorieerfaring innan LC-MS omics, helst innan proteomikk.
  • God digital kompetanse er eit krav. Erfaring og kompetanse innan bioinformatikk relatert til analyse av dataane frå metodane og instrumenta beskrive over, blir særs vektlagt. 
  • Det er ein fordel at kandidaten har erfaring frå flest mogeleg av metodane som blir brukt ved PROBE og med arbeidsoppgåvene slik som dei blir beskrive over. Det blir vektlagt om søkjaren har erfaring som er relevant opp mot slikt arbeid.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Kandidaten må kunne jobbe godt både aleine og saman med andre, arbeide nøyaktig og ansvarsfullt og vere motivert for arbeidet. Det er viktig å kunne kommunisere godt med brukarane av PROBE og med dei andre som arbeidar ved PROBE. 
  • Det er krav om gode språkkunnskapar i engelsk og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg. Det vil også vere ein fordel om kandidaten kan kommunisere på norsk.

Det er forventa at fast tilsette ved UiB har tilstrekkeleg språkleg kompetanse i både norsk og engelsk til å kunne kommunisere med studentar, tilsette og omverda på ein god og klar måte. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan beherske norsk eller eit anna skandinavisk språk på B2-nivå innan tre år etter tilsetjinga. Kurs blir tilbode.

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har god evne til å arbeide nøyaktig og strukturert

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. 

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø 
  • Løn er for tida kr 657 300 – 692 400 (kode 1181, lønssteg 67-70, med mastergrad). Løn er for tida kr 657 300 – 720 100 (kode 1181, lønssteg 67-72, med doktorgrad/ph.d.) Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. (For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  PROBE-leiar, professor Frode Selheim, tlf.: +47 477 52 359, 
e-post: frode.selheim@uib.no.

Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll, og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted BERGEN (Adresse: Jonas Lies vei 91 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ed569e91-841f-4040-8d5c-2871c6d05eef
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/265270