Senioringeniør (100% vikariat) – Universitetet i Bergen

Construction Andre ingeniører

(23 hours ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 2. October 2024
  •  Expire date: 14. October 2024
Job Description

Published 02-10-2024
Deadline: 14-10-2024

 

Senioringeniør (100% vikariat)

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør 

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig eit vikariat i 100% stilling som senioringeniør med tiltreding snarast mogleg og for eit år. Stillinga er knytt til forskingslaboratoria ved instituttet og Centre for Translational Oral research (TOR).

Laboratorieverksemda omfattar mellom anna metodar innan kunstig vevsbygging og forsking innan nano/biomaterialer og relevante metodar som kan nyttast i klinisk odontologisk forsking. Instrumentparken består av instrument og fasilitetar for cellekulturar, vevsdyrking, utstyr for material karakterisering, inkludert mikrocomputertomografi (mikro CT). Preparering av prøver frå mjuk- og hardvev er aktuelle metodar. Ulike formar for mikroskopi er mykje nytta. Analyser av organiske og uorganiske emne er aktuelt. Laboratoriet vert nytta av forskarar, stipendiatar, studentar og til kliniske forskingsprosjekt som treng ulike laboratoriemetodar.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga omfattar høgt kvalifisert fagleg arbeid. 

  • Mikrocomputertomografi (micro CT)
  • Snitting av hardvev og blautvev, udekalsinert
  • Diverse immunhistokjemiske metodar
  • Histologi for lys-, fluorescence- og elektron mikroskopi
  • Dyreforsøk
  • Arbeid med cellekulturar
  • Forskjellige biologiske analysemetodar, PCR/RT-PCR, protein analyser
  • Oppgradering og tilrettelegging av protokollar og prosedyrar
  • Koordinering og opplæring av brukarar av laboratorieutstyr og teknikkar (dette omfattar personar og studentar på alle nivå)
  • Den som vert tilsett må også delta i oppgåver knytt til den daglege drifta av forskingslaboratoriet

    Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha minimum mastergrad innanfor eit relevant fagområde. 
  • Søkjarar må i tillegg ha god IT-kompetanse. 
  • Søkjarar må beherske ein stor del av metodane som vert nytta i stillinga og elles ha dei nødvendige tekniske ferdigheitene for å skaffe seg full teoretisk og teknisk forståing av nye metodar. Søkjarar må ikkje vere allergisk mot forsøksdyr eller kjemikal som vert handtert med vanlege sikringstiltak. Søkjarar må ha kunnskap om handtering av relevante forsøksdyr (smågnagarar). 
  • Kjennskap til og røynsle frå universitetssystemet og offentleg forvaltning er ein føremon. 
  • Relevant praksis er eit krav. 
  • Gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er eit krav.

Vi søkjer en person som:

  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter 

    Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø. 
  • Løn er for tida kr 657 300 – 692 400 (kode 1181, lønssteg 67-70, med mastergrad). Løn er for tida kr 657 300 – 720 100 (kode 1181, lønssteg 67-72, med doktorgrad/ph.d.). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Kamal Mustafa: kamal.mustafa@uib.no / 5558 6097, eller administrasjonssjef Ove Kristian Bakkevig: ove.bakkevig@uib.no / 5558 6688.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted BERGEN (Adresse: Årstadveien 19 Postnr: 5009)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 14-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ff3086d8-a6b6-4d81-91d7-6b88e31afd8e
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268812