Job Description

Published 23-12-2024
Deadline: 19-01-2025

 

Senior Arealplanlegger | Bli med og planlegg morgondagens samfunn

Har du lyst til å jobbe i eit dynamisk og tverrfagleg teknisk miljø for eit meir berekraftig samfunn? Då kan Nordplan vere ein riktig plass for deg. Nordplan er i vekst og vi ønskjer deg i teamet for å utvikle framtidsretta løysingar saman med oss. Fagområdet er i stadig utvikling og vi søkjer senior arealplanleggar.

Hva vi ser etter

Vi ser for oss at du har ei stor interesse i fagområdet og tilgrensande fag. Du evnar å handtere fleire planprosessar og saker parallelt, og trivast med kundekontakt og prosjektleiing. Som person er du trygg, omgjengeleg og likar samarbeid. Du har gode kommunikasjonsevner — både munnleg og skriftleg — på norsk og engelsk. Du er løysingsorientert og ser moglegheiter innanfor handlingsrommet, og er glad i å tileigne deg ny kunnskap og bruke dette i arbeidet. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:

· Relevant utdanning innan arealplan eller tilsvarande fagområde

· Erfaring innfor arealplanlegging og plan og bygningslov

· Erfaring med å leie arbeidsgrupper og fagleg oppgåveløysing

Fagleg blir du ein del av seksjonen for <> i selskapet. Denne stillinga kan vere knytt til eit av kontora våre i Ålesund, Nordfjordeid, Førde, Måløy eller Stryn .

Sjekk stillinsannonsa her:

Senior arealplanlegger – Nordplan

Arbeidsoppgaver

Sjekk stillinsannonsa her:

Senior arealplanlegger – Nordplan

Vi tilbyr

I Nordplan verdset vi samarbeid og innovasjon, og du vil samarbeide i eit tverrfagleg miljø med arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar. Nordplan ønsker å tilby uformelt og triveleg arbeidsmiljø, arbeidstid som er balansert mellom prosjektmål og privatsituasjon. Om du vil bu i Fjell- eller Fjord-Noreg er opp til deg. Du får konkurransedyktig løn, pensjons- og forsikringsordningar, samt moglegheiter for personleg og fagleg utvikling. Med oss får du utfordrande oppgåver, og vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar. Vi jobbar med fleire spennande prosjekt. Du kan lese meir om referanseprosjekta våre her.

  • Arbeidstid som er balansert og tilpassa prosjektmål og privatsituasjon.

  • Fleksibilitet til å velje arbeidsplass. Om du vil bu i Fjell-, Fjord- eller Kyst-Noreg, er opp til deg. Vil du heller jobbe frå byen, eller ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, så finn vi løysingar for det. Vi likar sjølvsagt aller best at du er innom eit av våre kontor slik at vi får ha det sosialt saman òg. Uansett kvar du vil jobbe frå finn du eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø på desse stadane: Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Førde, Ørsta/Volda, Ålesund, Molde, Bismo, Vågåmo, Otta, Lillehammer, Oslo, Bergen og Reykjavik.

  • Du får vere med å skape ei framtid du kan vere stolt av. I tillegg får du jobbe med spennande og utfordrande prosjekt som du kan lese meir om her.

  • Vi er eit selskap i vekst, så her er moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling — spesielt med tanke på at du får eit tverrfagleg miljø og flinke kollegaer rundt deg.

  • Du får sjølvsagt lønn, pensjons- og forsikringsordningar.

  • Du blir ein del av eit selskap som støttar nærmiljøet. Lokalt ved dei ulike kontora våre støttar vi ulike lag og aktivitetar.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nordplan As Avd Nordfjord orgnr: 972109894
Kort om arbeidsgiver

Vi er Nordplan. Kva er din plan?

Nordplan veks og treng fleire dyktige medarbeidarar

Nordplan er eit tverrfagleg teknisk konsulentselskap som leverer tenester og rådgiving innanfor arealplan, arkitektur, konstruksjon, bygningsteknikk, energi, miljø, berekraft og prosjektadministrasjon. Vårt mål er å samhandle med kunden i et langsiktig perspektiv, slik at kunden oppnår varig verdi i sine prosjekt. Vi har lokal forankring med våre avdelings- og satelittkontor der våre kreative og dyktige medarbeidarar har sin daglege arbeidsplass. Våre kontor finn du i Ålesund, Ørsta, Nordfjordeid, Måløy, Leikanger i Stad, Stryn, Førde, Bergen, Vågåmo, Bismo, Lillehammer og Vestby.

Vi er opptatt av individuell fleksibilitet for våre medarbeidarar innanfor rammene av kunde- og prosjektmål . Du kan lese meir om oss på https://www.nordplan.no/om-nordplan/.

Webside https://www.nordplan.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arealplanlegging og arkitektur
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Eit av våre avdelingskontor Postnr: 6770)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/54f70a02-da5b-4090-95de-488b1208d95b
Stillingsregistrering