Seksjonssjef produkt- og tjenesteutvikling – Statsforvalterens fellestjenester
Sales, retail and retail trade Markedsføring og reklame(2 days ago)
Job Description
Published 05-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Seksjonssjef produkt- og tjenesteutvikling
Om stillinga
Vi ser etter ein utviklingsretta, strategisk og trygg leiar til vår seksjon for produkt- og tjenesteutvikling. Du vil få ansvar for leveransar til nye digitaliseringsprosjekt og for å følgje opp prosjekt- og produktporteføljen vår. Du vil leie og koordinere arbeidet til seksjonen som i dag består av 12 medarbeidarar.
Seksjonen er ein av to seksjonar i Digitaliseringsavdelinga. Ei avdeling som i dag har 25 medarbeidarar. Vi jobbar med å utvikle brukarvenlege, effektive og pålitelege digitale fellesløysingar på vegne av dei ti statsforvaltane i Noreg. Hjå oss får du jobbe i eit utviklingsorientert miljø, der det er låg terskel for å uttrykke meininga si og der du vil ha stor påverknadskraft i utviklingsarbeidet.
Digitaliseringsavdelinga er samansett av fleire fagdisiplinar, med utviklarar, skjemabyggjarar, prosjektleiarar og design som hovudområde.
Når du jobbar i STAF, blir du ein del av eit stort IKT- og dokumentforvaltningsmiljø der vi samarbeider mykje på tvers av avdelingane, primært via Teams, men vi har også fysiske samlingar gjennom året. Du får gode moglegheiter for fagleg utvikling, fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, og du blir involvert i spennande utviklingsprosjekt som bidreg til å gjere ein forskjell i samfunnet.
I den nye nasjonale digitaliseringsstrategien fram mot 2030 er ambisjonen at Noreg skal bli verdas mest digitaliserte land. Digitalisering er eit viktig satsingsområdefor oss, og vi i STAF er klare for å ta fatt på arbeidet med den nye strategien.
Aktuelle oppgåver og ansvarsområde
- Ansvar for å følgje opp og styre avdelingens prosjekt- og produktportefølje, samt fordele personalressursar mellom prosjekta og produkta i avdelinga.
- Fagleg oppfølging av medarbeidarane i seksjonen innanfor prosjekt- og produktarbeid og sikre fagleg utvikling.
- Identifisere og gjennomføre kontinuerlege forbetringar i seksjonens og avdelingas arbeid og prosessar.
- Personalansvar for medarbeidarane i seksjonen.
- Rapportere om utfordringar og resultat til leiinga, statsforvaltane og andre interessentar.
- Ansvar for å legge til rette for samarbeid og erfaringsutveksling mellom prosjektleiarane i STAF.
- Rådgje leiargruppa om prioritering av prosjekt og produkt.
Du får ansvar for internkontroll i avdelinga, og vil vere avdelingas representant i verksemdstyringsgruppa. Det vil også være aktuelt å halde presentasjonar og innlegg i ulike forum. Du vil ved behov fungere som avdelingsdirektør.
Kvalifikasjonskrav
- Relevant fagleg høgare utdanning, minimum 3 år. Relevant og dokumentert leiarerfaring med personalansvar kan kompensere for delar av utdanningskravet.
- Erfaring frå relevante arbeidsområde
- Leiarerfaring
- Kunnskap om korleis offentleg sektor arbeider med brukarretta digitale løysingar
Ønskte kvalifikasjonar:
- Relevant etterutdanning, vidareutdanning og/eller fagleg oppdatering
- Leiarutdanning
- Erfaring frå offentleg forvaltning og arkitekturprinsippene i offentlig sektor
- God teknologisk forståing
- Ha god organisasjonsforståing og sjå behovet for å forankre viktige avgjersler i organisasjonen
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
Som seksjonssjef er du ein samarbeidsorientert leiar med evne til å finne løysingar og skape resultat i fellesskap med andre. Du deler kunnskap aktivt, motiverer og byggjer tillit i teamet ditt, samtidig som du har ei strategisk tilnærming til komplekse problemstillingar. I tillegg er du utviklingsorientert og søkjer kontinuerleg nye moglegheiter for forbetring og effektivisering av prosessar. For å lukkast, treng du evne til å sjå heilskapen, planlegge langsiktig og balansere strategiske mål med praktiske løysingar.
Rolla byr på ein variert arbeidskvardag, og du må kunne handtere eit breitt spekter av oppgåver og ansvarsområde.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
I STAF er vi opptatte av at vi spelar kvarandre gode og deler kunnskap. Vi ønskjer oss eit arbeidsmiljø som gjer at vi trivst og kan støtte kvarandre i å stadig utvikle oss. Hos oss får du:
- moglegheit til å jobbe med viktige samfunnsoppgåver som gjer ein forskjell for menneske
- gode moglegheiter for jevnleg kompetanseheving og fagleg utvikling
- interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
- moglegheit for heimekontor
- trening i arbeidstida, sommerarbeidstid og ein ekstra fridag i romjula
- gode ordningar for pensjon, lån og forsikring i Statens pensjonskasse. Les meir på spk.no/medlemskap-i-spk
Stillinga er fast og lønast som seksjonssjef i stillingskode 1211. Løna ligg i lønsspennet kr. 830 000 – 990 000 kroner, avhengig av kvalifikasjonar. Frå løna blir det trekt 2 % i innskot til Statens pensjonskasse. Det er seks månaders prøvetid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke som fører til endå betre oppgåveløysing. Difor ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. I STAF har vi ei eiga livsfasepolitikk. Vi ønskjer å tilretteleggje arbeidsplassen og arbeidsvilkåra for å møte dei ulike behova du som tilsett kan ha i livets ulike faser.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn.
Informasjon til deg som søkjar
Hvis du er interessert i å søkje stillinga hos oss i Avdeling for digitalisering, ser vi fram til å motta din søknad!
Registrer din søknad, CV og attestar/vitnemål i vårt rekrutteringsverktøy Jobbnorge. Karakterar og vitnemål vert lasta opp frå vitnemålsportalen. Utlendingsgrader må vere godkjende av NOKUT/HK-dir.
Vi gjer merksam på at opplysningar om deg som søkjar kan bli offentleggjorde, sjølv om du ber om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du blir varsla dersom reservasjonsønske ikkje blir imøtekomme, jf. Offentleglova § 25. Fram til søknadsfristen kan du ta kontakt med oss utan at namnet ditt blir registrert.
Ta kontakt med oss
Ønskjer du meir informasjon eller har spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Cecilie Njøs Høgheim, tlf. 37 32 11 88.
Kvifor jobbe i STAF?
Sjå på videoen vår og bli betre kjent med oss i STAF.
. Video: https://vimeo.com/765605580
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Statsforvalterens fellestjenester orgnr: 921540167 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Statsforvalterens fellestjenester (STAF) er ein statleg verksemd underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Hovudkontoret vårt ligg i Arendal, men våre 205 kollegaer jobbar på 17 kontorstadar fordelt over heile landet. STAF utviklar og leverer digitale tenester som blir brukte av alle statsforvaltarane, av innbyggjarar og andre offentlege verksemder. Løysingane våre er smarte, brukarvenlege og effektive, og skal gi eit enklare møte med offentlege tenester. Vi har ansvar for alt IKT-utstyr og alle IKT-tenester til statsforvaltane. Informasjonssikkerheit er i kjernen av alle våre tenester, og vi beskyttar samfunnskritisk infrastruktur hos statsforvaltane. Vi utfører òg andre oppgåver for statsforvaltane ved å drifte deira arkiv, gjennomføre felles innkjøp og gi brukarstøtte for alle våre tenester. |
Webside | https://www.statsforvalteren.no/staf/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Markedsføring og reklame |
Sted | LEIKANGER (Adresse: Njøsavegen 2 Postnr: 6863) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |