Job Description

Published 15-12-2024
Deadline: 15-01-2025

 

Seksjonsoverlege ved nyetablert Seksjon for geriatri

Vil du leie oppbygginga av framtidas geriatriske tilbod?

Haukeland universitetssjukehus søker ein visjonær og fagleg sterk seksjonsoverlege til nyetablert geriatrisk seksjon. Som seksjonsoverlege vil du ha ei nøkkelrolle i å bygge opp og utvikle ein fagseksjon med fokus på heilskaplege pasientforløp, tverrfagleg samarbeid og innovasjon i tråd med sjukehuset sin strategiplan for geriatri.

Dette er ei unik moglegheit til å kombinere leiing, fagutvikling og klinisk arbeid ved eit av landets leiande universitetssjukehus.

Arbeidsoppgåver

  • Bygge opp og leie den geriatriske fagseksjonen, leie legar i seksjonen og sikre spesialistutdanning innan geriatri
  • Utvikle pasientforløp som fremmar heilskapleg behandling og tidleg intervensjon
  • Samarbeide internt og eksternt for å sikre tverrfagleg tilnærming og ressursutnytting
  • Bidra til forsking, innovasjon og undervisning i tråd med Haukeland sin satsing på geriatri
  • Ansvar for rekruttering, spesialisering, kompetanseutvikling og rettleiing av legar
  • Vere del av klinikken si leiargruppe med økonomiansvar for eigen fagseksjon

Kvalifikasjonar

  • Nors autorisasjon
  • Spesialist i geriatri
  • Leiingserfaring og/eller leiarutdanning er ein fordel
  • Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
  • Erfaring med utvikling av tverrfaglege pasientforløp
  • Sterk fagleg interesse for forsking, innovasjon og kvalitet i pasientbehandling
  • Gode samarbeidsevner og strategisk forståing

Personlege eigenskapar

  • Visjonær og framtidsretta – Evne til å sjå moglegheiter og utvikle fagtilbodet i tråd med framtidige behov
  • God til å bygge relasjonar – Skapar tillit og samarbeid med både kollegaer, pasientar og eksterne aktørar
  • Fagleg engasjert – Brenn for utvikling av fagfeltet og for å levere kvalitet i alle ledd
  • Tydeleg leiar – Kommuniserer klart, tar ansvar og inspirerer andre til å yte sitt beste
  • Strukturert og målretta – Har evne til å planlegge og gjennomføre tiltak for å nå både faglege og strategiske mål

Vi tilbyr

  • Ei unik leiarrolle med stor fagleg påverknad
  • Gode utviklingsmoglegheiter innan leiing, forsking og undervisning
  • Konkurransedyktige vilkår i eit av landets fremste fagmiljø
  • Eit sterkt fokus på heilskaplege pasientforløp og tverrfagleg samarbeid

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Steinar Skrede, Assisterande direktør, 99252796, steinar.skrede@helse-bergen.no
Solveig Hansen, Ass.klinikkleiar, 55972985

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4895979793
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk klinikk, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8c9720ee-57af-48df-bc4f-1a5f3bd4fd32
IMPORTAPI