Job Description

Published 04-11-2024
Deadline: 19-11-2024

 

Seksjonsleiar ved Øyane DPS

Vi har ledig stilling som seksjonsleiar ved Øyane allmennpsykiatriske døgnseksjon. Tiltredning etter avtale.

Øyane DPS er lokalisert på Straume i Øygarden kommune, om lag 15 min køyring frå Bergen sentrum. Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. og har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden med omlag 51 000 innbygjarar over 18 år. Det er god kontakt med primær-helsetenesta og vi har fleire samhandlingsprosjekt som er under arbeid.

Øyane DPS består av:

  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk, inkludert ambulant akutteam
  • Allmennpsykiatrisk døgnseksjon
  • Rehabilitering døgnseksjon
  • Rehabilitering poliklinikk
  • Merkantil seksjon

Øyane allmennpsykiatriske døgnseksjon er ein open døgnpost som primært tilbyr korttidsbehandling og er eit ledd i ei behandlingskjede for menneske med allmenn psykiatriske lidingar. Vi mottek pasientar frå fastlege, andre seksjonar ved DPS, somatiske avdelingar og Psykiatrisk klinikk. Posten har 10 døgnplassar og 40 tilsette. 

Personalgruppa består av psykiater, psykologspesialist, LIS-legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, miljøterapeutar, og assistentar.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene inneber leiing av fag, økonomi og personal ved seksjonen, med hovudvekt på:

  • rekruttering/ opplæring/ kompetansebygging/ kvalitetssikring
  • oppgåveplanlegging og ressurfordeling
  • utarbeiding av handlingsplanar, HMS- og kompetanseplanar
  • medarbeidaroppfølging
  • deltaking i leiarmøte i klinikk og føretak
  • kvalitetsarbeid som inkluderer intern kontroll, avvikshandtering, forbetringsprosjekt osv.
  • bidra til godt samarbeidsklima med andre seksjonar i klinikken samt eksterne instansar

Kvalifikasjonar

  • Høgare helsefagleg utdanning
  • Solid kunnskap om psykisk helsevern og relevant leiarerfaring og/eller utdanning
  • Erfaring frå endrings – og forbetringsprosessar
  • Kunnskap og erfaring med kompetanseutvikling
  • Erfaring frå samarbeid med primærhelsetenesta
  • Fordel med kjennskap til DIPS og andre relevante IKT verktøy                           

Personlege eigenskapar

  • Du har organisatoriske evner og liker å jobbe som leiar i ein kompleks organisasjon med spanande utfordringar
  • Du er ein samlande person
  • Du er strukturert og resultatorientert
  • Du er målretta og robust
  • Du er engasjert og fleksibel
  • Du er beslutningsdyktig
  • Du har god kommunikasjons – og relasjonskompetanse 
  • Du er opptatt av eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø 

Vi tilbyr

  • Ei interessant leiarstilling i eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Liv Åse Dybdal, Klinikkdirektør, 90549664

Arbeidsstad

Blombakkane 75, Straume
 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4881059351
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 19.11.2024
Søknadsfrist: 19.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Divisjon psykisk helsevern / Øyane distriktspsykiatriske senter / Øyane allmennpsykiatrisk døgn, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Industri og produksjon
Yrke Maskinteknikk og mekanikk
Sted STRAUME (Adresse: Blombakkane 75, Straume Postnr: 5354)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 19-11-2024
Søknadsfrist 19-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6744b83e-75ae-407a-94dd-099a7f85f748
IMPORTAPI