Seksjonsleiar – Seksjon for infrastruktur

Sales, retail and retail trade Personal service

(1 day ago)

  • OSLO
  •  Post Date: 15. December 2024
  •  Expire date: 6. January 2025
Job Description

Published 15-12-2024
Deadline: 06-01-2025

 

Seksjonsleiar

Avdelinga for marknadstilsyn i Finanstilsynet søker etter ein seksjonsleiar til ein seksjon med sentrale og nye tilsynsoppgåver knytte til infrastrukturen i verdipapirmarknaden og til prospekt- og tilbodspliktsreglane. Ansvarsområda til seksjonen blir forvalting og tilsyn med marknadsplassar og verdipapirsentralen, finansielle referanseverdiar og pliktene etter mellom anna EMIR-regelverket (European Markets Infrastructure Regulation) og kontroll og godkjenning av EØS-prospekt. Seksjonen vil òg få ansvaret for å følge opp tilbodspliktsreglane. Det er venta at Finanstilsynet vil overta rolla som tilbodsmyndigheit i løpet av 2025, og framover vil tilsynet bli sentralt i dette arbeidet med tilbodsplikta. Seksjonen vil bestå av ca. 18 høgt kvalifiserte medarbeidarar, inkludert seksjonsleiaren.

Området er viktig for ein velfungerande verdipapirmarknad og er prega av at regelverket er svært omfattande og i stadig endring. Ansvarsområdet krev utstrakt kontakt og samarbeid med den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) og tilsynsmyndigheitene i andre land, og marknadsaktørar i Noreg og internasjonalt.

Arbeidsoppgaver

Seksjonsleiaren skal leie og inspirere medarbeidarane sine i ein variert arbeidskvardag, der det er store krav til fagleg kvalitet og effektivitet i gjennomføringa, mellom anna gjennom digitalisering og effektive arbeidsprosessar. I tillegg krev nytt regelverk og nye oppgåver evna til å sjå heilskapen, involvere, samarbeide og vere endringsvillig. Stillinga inneber utfordrande leiingsoppgåver av strategisk og fagleg karakter. Det er òg stor grad av ekstern kommunikasjon nasjonalt og internasjonalt, og i tillegg mediekontakt. Stillinga gir gode moglegheiter for fagleg utvikling på eit område som er i stadig endring.

Kvalifikasjoner

  • økonom på master-/hovudfagsnivå eller cand.jur./master i rettsvitskap
  • inngåande kunnskapar om og erfaring frå verdipapirmarknaden, med kunnskap om nytt regelverk
  • teknologisk innsikt og interesse
  • erfaring frå relevante tilsynseiningar og/eller relevant offentleg forvalting
  • leiarerfaring er ein fordel
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlige egenskaper

  • engasjert og initiativrik med evne til å involvere, kommunisere og samarbeide
  • evne til å motivere, rettleie og utvikle medarbeidarane dine og legge vekt på eit godt arbeidsmiljø
  • gjennomføringsevne og vere ein pådrivar for å skape gode resultat og gode prosessar
  • beslutningsevne og gode analytiske ferdigheiter

Vi legg vekt på at du er personleg eigna og er motivert for stillinga.  

Vi tilbyr

  • interessante og utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike kollegaer
  • store moglegheiter for å utvikle seg i eit miljø med høg fagkompetanse
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk
  • gode treningsfasilitetar og moglegheit for å trene i arbeidstida
  • pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • lønn og tiltreding etter avtale

Anna

  • Etter at søknadsfristen er gått ut, utarbeider vi ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25.
  • For å bli vurdert for stillinga må du legge ved vitnemål og relevante attestar.
  • Du kan skrive søknaden på nynorsk eller bokmål.
  • Vi utfører bakgrunnssjekk av vedkommande som blir tilsett i stillinga.
  • Alle tilsette i Finanstilsynet må følge dei etiske retningslinjene våre, sjå https://www.finanstilsynet.no/jobb-hos-oss/#Etiskeretningslinjer
  • Finanstilsynet er oppteken av mangfald, og vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV-en. Dersom det er mogleg, vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling, sjå http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
  • Les meir om Finanstilsynet på nettstaden vår – www.finanstilsynet.no 

Kontaktinformasjon

Marte Voie Opland, Direktør for marknadstilsyn, +47 22 93 99 42

Arbeidssted

Revierstredet 3
0151 Oslo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Finanstilsynet

Referansenr.: 4896057166
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Seksjon for infrastruktur orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Finanstilsynet arbeider for at finansføretak og finansmarknader fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle tenester. Vi har om lag 340 tilsette og held til i Oslo sentrum. Vi legg til rette for eit godt arbeidsmiljø, tek omsyn til klima- og miljøutfordringar og er sertifisert som Miljøfyrtårn. 

Webside http://www.finanstilsynet.no
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted OSLO (Adresse: Revierstredet 3 Postnr: 0151)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/29c1178c-7e81-492b-98dc-1b8f27142269
IMPORTAPI