Seksjonsleiar – Psykisk helsevern, Helse Førde
Sales, retail and retail trade Personal service(1 day ago)
Job Description
Published 22-12-2024
Deadline: 15-01-2025
Seksjonsleiar
Vi har ledig stilling som seksjonsleiar for Serviceseksjonen i Psykisk helsevern.
Serviceseksjonen gir sekretær- og fagkonsulenttenester til avdelingane Psykiatrisk klinikk, Indre Sogn psykiatrisenter og Nordfjord psykiatrisenter.
Tenesta er støtteteneste for leiarar og behandlarar i Psykisk helsevern, samt merkantil støtte til kontrollkommisjonen for Psykisk helsevern. Seksjonen har 17 tilstette fordelt på 15,4 årsverk. Serviceseksjonen har tilsette i Førde, Florø, Sogndal og på Nordfjordeid. Dei tilsette gjer viktig kvalitetsarbeid, og seksjonsleiar vil ha ansvar for å utvikle tenesta vidare. Som seksjonsleiar for Serviceseksjonen, må du vere glad i og dyktig til å samarbeide med andre leiarar og tilsette.
Stillinga rapporterer direkte til klinikkdirektør, og deltek i leiarmøta i klinikken.
Arbeidsoppgåver
- Einskapleg leiing med fag-, personal og økonomiansvar, og i samsvar med Helse Førde sine prinsipp for leiing
- Planlegge og vidareutvikle korleis seksjonen gir tenester
- Bidra til at vi dokumenterar arbeidet på ein effektiv og føremålstenleg måte i samvar med gjeldande lover, forskrifter, avtaler og styringsdokument
- Samhandle på ein god måte med alle relevante samarbeidspartar internt og eksternt
- Delta i leiarmøte og bidra til heilskapleg tenking og oppgåveløysing på tvers i klinikken
- Vere pådrivar og støtte for å nytte digitale løsyingar i helsetenesta
- Gje støtte og rettleiing til sekretærar og fagkonsulentar i deira arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- 3 årig høgskuleutdanning innan helse og/eller sosialfag. Søkjar med vidaregående helse- og sosialfagleg utdanning og lang og relevant erfaring kan bli vurdert
- Vi ønskjer at du har leiarerfaring
- Det er ein fordel om du har erfaring med sakshandsaming
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Helsetenesta blir digitalisert på mange område, og vi krev gode IKT-kunnskaper
Personlege eigenskapar
- Du motiverer tilsette gjennom informasjon, involvering, rettleiing og tilbakemelding
- Du er utviklingsorientert og legg til rette for kreativitet, kompetanseutvikling og nytenking
- Du er lojal, og arbeider aktivt for å nå måla for seksjonen og klinikken
- Du har evne til å lytte til andre og ber om råd om du står fast
- Du samarbeidar godt med tilsette og andre leiarar
I tilsettinga vil vi legge vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utfordring og utvikling
- Kjekke kollegaer og tillsette
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Børge Tvedt, Direktør PHV, 907 70 516
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4898697643
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Psykisk helsevern, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Personlig tjenesteyting |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 15-01-2025 |