Job Description

Published 19-03-2025
Deadline: 13-04-2025

Seksjonsleiar

Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), i dag lokalisert på Sandviken-området, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern. 

Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. 

Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) har no ledig 100% fast stilling som seksjonsleiar i seksjon S4. Seksjonen er ein lukka akuttpost med 12 sengeplassar. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod.

Som leiar får du stor moglegheit til å påverke og vidareutvikle seksjonen gjennom innovasjon og fagutvikling. I tillegg tilbyr vi tilgang til leiarutviklingsprogram og faglege nettverk som støttar både din personlege og profesjonelle utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Personal-, HMS- og resultatansvar for seksjon
  • Ansvar for at vi driv døgnbehandling i tråd med faglege retningslinjer og overordna krav
  • Ansvar for å legge til rette for eit godt og lærande arbeidsmiljø
  • Legge til rette for fagleg og personleg utvikling hos den enkelte og motivere til fagutvikling
  • Halde seg oppdatert og orientert om gjeldande lover og føresegner
  • Sjå klinikken sin samla aktivitet som ein heilskap
  • Medverke til at seksjonen sine totale ressursar blir utnytta til det beste for heile klinikken
  • Som seksjonsleiar rapporterer du til avdelingssjef for spesialisert psykosebehandling (ASP), og du blir del av leiargruppa ved ASP

Kvalifikasjonar

  • Høgare helsefagleg utdanning
  • Kunnskap og erfaring med arbeid med psykiske lidingar
  • Kunnskap om psykisk helsevern
  • Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevner
  • God brukarkompetanse innan IKT

Personlege eigenskapar

  • Fagleg sterk, engasjert og fleksibel
  • Evne til å vere samlande og skape engasjement
  • Evne til å delegere, motivere og spele medarbeidarar gode
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, stukturert og målretta
  • Sterk på avgjerder og gjennomføring
  • Tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
  • Gode kommuniksasjons- og samarbeidsevner, trivast i eit fleirfagleg miljø
  • Vere opptatt av trivsel og arbeidsmiljø
  • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø på seksjonen og i leiargruppa

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å leie ei flott personalgruppe med mykje kunnskap og engasjement
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Leiaropplæring og leiarstøtte
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Igne Sinkeviciute, Avdelingssjef, 55958580

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4940344039
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling, Helse Bergen HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Transport og lager
Yrke Logistikk, lagerarbeid og innkjøp
Sted BERGEN (Adresse: Sandviksleitet 1 Postnr: 5036)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6ec2fc46-5533-4d78-8f60-061d7d4c4ce2
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31