Job Description

Published 10-12-2024
Deadline: 29-12-2024

 

Seksjonsleiar God start NSH

Nordfjord sjukehus er lokalsjukehuset for Nordfjord. God Start eininga omfattar barselavdelinga på Nordfjord sjukehus,
følgeteneste og svangerskapsomsorg i kommunane. Eininga er eit samarbeidsprosjekt mellom helseforetaket og Nordfjordkommunane Kinn, Gloppen, Stad, Stryn og Bremanger. God Start eininga ved NSH er organisert
under Kvinneklinikken i Helse Førde.

Seksjonsleiar arbeider direkte under avdelingssjef ved Kvinneklinikken. Stillinga er ledig frå januar 2025.

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar og økonomiansvar for seksjonen 
  • Delta i utarbeiding av målsettinga for avdelinga
  • Oppfølging av personalet sin kompetanse
  • Utarbeiding av retningsliner i kvalitetshandboka
  • Leie aktiviteten i avdelinga
  • Delta i det kliniske arbeidet i avdelinga
  • Organisering av poliklinikkverksemda
  • Ca 50% klinisk arbeid

Kvalifikasjonar

  • Off.godkjent jordmor
  • Klinisk erfaring som jordmor
  • Leiarerfaring er ein fordel
  • Erfaring med samarbeid på tvers i organisasjonen og utad mot kommunane
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg         

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Vere entusiastisk og kunne motivere personalet
  • Vere løysingsorientert    

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Individuelt leiarprogram
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trude Hansen Folkestad, Avdelingssjef, (+47) 412 33 853

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 4868519035
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver KK NSH God Start, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Personal, arbeidsmiljø og rekruttering
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Sjukehusvegen 14 Postnr: 6770)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7fbdc08c-e981-4f39-b9e7-62fc0c64eded
IMPORTAPI