Seksjonsleiar – FEFE – Spesiell etterforsking, Møre og Romsdal politidistrikt

(5 days ago)

  • ÅLESUND
  •  Post Date: 27. March 2025
  •  Expire date: 13. April 2025
Job Description

Published 27-03-2025
Deadline: 13-04-2025

Seksjonsleiar

Møre og Romsdal politidistrikt har styrkt innsatsen mot organisert og profittmotivert kriminalitet, herunder kriminelle nettverk.

Vi søkjer no ein dedikert og resultatorientert leiar som vil ha eit overordna fag- og utviklingsansvar for etterforsking av fagområda organisert kriminalitet, økonomi- og miljøkriminalitet og internasjonalt politisamarbeid i politidistriktet. Derfor treng vi deg med gode relasjonelle eigenskapar og sterk motivasjon for utvikling av etterforskingsfaget i samhandling med andre.

Satsinga medfører oppretting av ein mellombels seksjon for spesiell etterforsking, der dei nemnde fagområda samlast. Seksjonen vil ha ansvar for bruk av skjulte etterforskingsmetodar og bidrag inn i den nasjonale satsinga mot kriminelle nettverk. Seksjonsleiar vil også vere fast deltakar i Tverretatlig leiargruppe for AKRIM-arbeid i politidistriktet i samhandling med eksterne aktørar. 

Stillinga gir direkte personalansvar for to avsnittsleiarar og ein spesialist innan internasjonalt politisamarbeid. Seksjonen består av totalt ca. 30 svært motiverte, dyktige og engasjerte medarbeidarar som bidreg til høg aktivitet og eit godt arbeidsmiljø!

Seksjonsleiar vil inngå i leiargruppa i FEFE og det forventast ei god heilskapsforståing knytt til politiet sitt samfunnsoppdrag. 

Seksjonsleiar vil i tillegg få ansvar som Lokal Sikkerheitsansvarleg for FEFE og moglegheit til å vidareutvikle denne rolla.

Dette er eit unikt høve til å byggje ein seksjon som har ansvar for å nedkjempe alvorleg og samfunnstruande kriminalitet i tett samarbeid med aktørar lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsstad er Molde eller Ålesund. Reiseverksemd må påreknast. Kjerneverksemda i driftseiningane og fagfeltet leiast frå Ålesund. Den som blir tilsett må derfor pårekne vekentleg oppmøte i Ålesund.

Varigheit for stilinga er inntil eit år. Organisasjonsendringa på FEFE er mellombels i påvente av andre prosessar.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg og administrativ leiar av seksjon for spesiell etterforsking, med personalansvar for leiarar og ein medarbeidar
  • Setje retning og skape resultat og felles måloppnåing i samhandling med andre, medrekna andre fagområder og eksterne aktører
  • Leie seksjonen slik at alle fagområde blir varetekne og vidareutvikla i samsvar med gjeldande lovverk, sentrale retningslinjer og målsetjingane til politiet
  • Motivere og sjå til at seksjonen utviklar og opprettheld godt medarbeidarskap, samarbeid, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit ved seksjonen og driftseininga
  • Sikre eit helsefremjande arbeidsmiljø gjennom dialog og samarbeid
  • Inngå i Tverretatlig Leiargruppe AKRIM i Møre og Romsdal politidistrikt i samhandling med andre etatar
  • Vere lokal Sikkerheitsansvarleg på FEFE 
  • Kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Politi(høg)skule, juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitenskap
  • Brei erfaring innan etterforsking og etterforskingsleiing
  • Relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • Kunnskap om HMS-arbeid eller at slik kompetanse opparbeidast etter tilsetting
  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskeleg:

  • Vidareutdanning innan etterforskingsleiing og etterforsking
  • Vidareutdanning innan fagområda 
  • Utdanning innan organisasjon og leiing frå høgskole/universitet

Personlege eigenskapar

  • Mål- og resultatorientert med god gjennomføringsevne
  • Evne til å setje retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre
  • God evne til kommunikasjon og relasjonsbygging internt/eksternt
  • Medarbeidarorientert og god evne til å støtte og utvikle medarbeidarar
  • Samfunnsorientert og har forståing for rolla til eininga i politiet sitt samfunnsoppdrag

Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt ved tilsetting i leiarstilling.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
  • Stillinga vil ha stillingskode 0326 med funksjonstittel politiavdelingsleiar
  • Brutto årslønn er frå kr. 800 000 til kr. 875 000
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB belastande unntak på kr. 41 806 
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Linn Breivik Erstad, Fung. driftseiningsleiar, +47 92813729

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50
6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4934486108
Stillingsprosent: 100%
Førebels
Startdato: 01.06.2025
Søknadsfrist: 13.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver FEFE – Spesiell etterforsking, Møre og Romsdal politidistrikt orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 

Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted ÅLESUND (Adresse: Nedre Strandgate 50 Postnr: 6005)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-06-2025
Søknadsfrist 13-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/11cd585a-e3ec-4351-a877-02e05939fabf
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31