Job Description

Published 08-09-2024
Deadline: 07-10-2024

 

Seksjonsleiar Anskaffing og kontraktsforvaltning

Vi er DIO

Det nye regjeringskvartalet er i ferd med å reise seg og vil opne for nye arbeidsformer, moglegheiter og utfordringar. Høvet til å ta i bruk ny teknologi vil vere stort i dei nye bygningane, og DIO skal utvikle departementa sin nye digitale plattform med forsterka sikkerhet og større teknologisk moglegheitsrom.

Vår ambisjon? Å utløyse krafta i fellesskapet.

Første januar 2025 blir vi departementa sin digitaliseringsorganisasjon – DIO. Vårt oppdrag er å styrkje departementa sin evne til å løyse komplekse samfunnsoppdrag gjennom sikker teknologi, digitalisering og innovasjon. Dette er vår misjon og vårt framtidsbilde.

Vi står framfor ei betydeleg endringsreise. Tre IKT-organisasjonar skal transformerast til éin digitaliseringsorganisasjon, med felles kultur, tankesett og ambisjonar. Og vi treng deg for å få det til – ein ansvarleg og raus pådrivar.

Kva blir oppgåvene dine?

Ynskjer du å vere med å forme framtida for organisasjonen vår og bidra til at vi når måla våre? Vi søkjer ein dedikert og erfaren seksjonsleiar til å leie seksjonen vår for anskaffingar og kontraktsstyring. Seksjonen har ansvar for kontraktsforvaltninga til DIO, som inneber å administrere avtalar frå oppretting til utføring og eventuell oppseiing. Du vil få ei unik moglegheit til å vere med å byggje opp ein organisasjon som er i stand til å levere på ambisiøse mål og eit samfunnskritisk oppdrag.

Seksjonen fungerer som ei koordinerande eining for analyse og strategiutvikling knytt til leverandør- og teknologimarknaden. Seksjonen har også ansvaret for forvaltning av kontraktar og leverandørar for å sikre optimale leveransar og kostnader, samt for prosessar og styringsmekanismer for bestilling av produkt og tenester på inngåtte avtalar, inkludert fakturagodkjenning og betaling. Seksjonen skal samarbeide med anskaffingsmiljøet i DSS.

Som seksjonsleiar vil du ha ansvar for:

  • Strategisk planlegging: Utarbeide strategiar for leverandør- og teknologimarknaden som støttar forretningsstrategien, og sikre berekraftige leverandørkontaktar og relasjonar.
  • Leie og inspirere: Du er ein leiar som motiverer og skapar resultat saman med medarbeidarane dine og resten av verksemda. Som avdelingsleiar vil du ha ansvaret for personalleiing, budsjettering og kompetanseutvikling i eiga avdeling
  • Kontraktsforvaltning: Administrere heile kontraktsforvaltningsprosessen, inkludert oppretting, utføring og oppseiing av kontraktar, samt oppfølging av leverandørar på inngåtte avtalar, slik at leveransane og kostnadene alltid er optimale.
  • Anskaffingar: Gjennomføra anskaffingar for å etablere økonomiske og operasjonelt berekraftige leverandørkontaktar og relasjonar, i samarbeid med anskaffingsmiljøet i DSS.
  • Innkjøp: Bestilling av produkt og tenester på inngåtte avtalar og tilhøyrande fakturagodkjenning og betaling.
  • Forbetre prosessar: Utvikle og vedlikehalde prosessar og styringsmekanismer for bestilling av produkt og tenester, samt fakturagodkjenning og betaling

Kven er du?

Vi søkjer deg som har: 

  • høgare relevant utdanning på masternivå, innan jus, økonomi, administrasjon eller liknande. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • ein strategisk og heilskapleg tilnærming til kontraktsstyring og anskaffingar
  • solid arbeidserfaring med utarbeiding av sourcing- og kontraktsstrategi, samt forvaltning av kontraktsstyrings- og anskaffingsprosessar.
  • leiarerfaring frå leiing av anskaffings- og kontraktsforvaltningsfunksjonar, med ansvar for personalleiing, budsjett og rapportering
  • god verksemdsforståing og kjennskap til departementa er ein fordel. I tillegg god forståing for leverandør- og teknologimarknaden.

I tillegg er det ynskjeleg at du:

  • evner å sjå vårt samfunnsoppdrag og eige fagområde i eit heilskapleg verksemdsperspektiv 
  • leiar og utviklar medarbeidarar og team gjennom inkluderande og tillitsbasert leiing
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • bidrar til samhandling på tvers av fagfelt og styrkjer kultur for innovasjon og kontinuerleg læring
  • trivast med personalansvar og brukar partsamarbeidet og medbestemming som aktivt ivaretar tilsette 

Ettersom DIO er under etablering må du trivast i ein uforutsigbar og hektisk kvardag, og kunne tilpasse deg nye arbeidsformer, arbeidsoppgåver og endringar i organisering. Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver og ansvarsområde i denne stillinga kan endrast for å kunne tilpasse DIOs utviklingsbehov og strategiske målsettingar. Andre oppgåver innan relevant ansvarsområde kan bli lagt til stillinga avhengig av kompetanse. 

Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar. 

Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.

Vi tilbyr 

Vi tilbyr: 

  • eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag
  • ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein dynamisk organisasjon.
  • moglegheit til å påverke og forme DIOs organisasjonsutvikling, kommunikasjonsstrategi og fellesfunksjonar
  • høgt kompetente medarbeidarar
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • fleksibel arbeidstid og andre velferdsgoder
  • lokale midt i hjarte av Oslo 

DIO er ei ny etat som vil vere operativ frå 1.1.2025. Du vil difor bli mellombels tilsett i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og blir så overført til DIO innan 1.1.2025.

Stillinga blir løna som seksjonssjef (stillingskode 1211) med bruttolønn pr. år frå kr 966 300 – 1 196 800 (lønnstrinn 84 – 93). jf. Hovudtariffavtalane i staten. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. 

I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli gjort offentleg, sjølv om du har bedt om å bli unnateke frå søkjarlista. 

Tilsetting føreset at kandidaten kan sikkerheitsklarerast for nivå HEMMELEG / NATO SECRET, etter krav i Sikkerheitslova, på tiltredingstidspunktet. Kandidaten må vere norsk statsborgar.

Informasjon til deg som søkjer 

Vi trur at ved å omfamne mangfald og fremje ein inkluderande kultur blir vi betre rusta til å møta desse utfordringane. Folk med ulike bakgrunnar og perspektiv finn nye og kreative måtar å løyse oppgåver på, noko som er avgjerande for vår evne til å levere effektive og innovative løysingar.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i nemnte grupper må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling. Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. 

DFD samarbeider med Meditor for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærerat me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkja søknaden.

Vil du bli ein av oss? 

Vi ynskjer at leiar for anskaffelsar og konktraksstyring kjem ombord og blir ein del av DIOs leiing snarast mogleg.

Vil du snakka med oss om stillinga? Då kan du kontakta:

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) orgnr:
Kort om arbeidsgiver

DIO er departementa sin digitaliseringsorganisasjon. Vi understøtter to av landets viktigaste demokratiske institusjonar – regjeringa og departementa. Vårt oppdrag er å styrkje deira evne til å løyse komplekse samfunnsoppdrag gjennom trygg teknologi, digitalisering og innovasjon. 

Våre grunnverdiar er å vere ein ansvarleg og raus pådrivar.

  • Eigardepartement: Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
  • Direktør: Anders Aagaard Sørby
  • På jobb for DIO: ca. 270 personar
  • Hovudkontor: Biskop Gunnerus gate 6 (Byporten) i Oslo, med supplerande lokale i regjeringskvartalet, Kvadraturen, Nydalen og i Victoria Terrasse.
  • Operativ frå: 01.01.2025

Les meir på dio.dep.no

Webside https://www.regjeringen.no/no/dep/dfd/id810/
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted OSLO (Adresse: Akersgata 59 Postnr: 0180)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/65b07f02-e59a-4e7f-b795-f31a38fe376f
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/267341