Sande omsorgssenter søker etter – Sunnfjord kommune Sande omsorgssenter

Health and social care Nurse

(16 hours ago)

Job Description

Published 17-12-2024
Deadline: 20-01-2025

 

Sande omsorgssenter søker etter

Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.

Er du nyutdanna sjukepleiar til sommaren og ikkje heilt har bestemt deg for arbeidsplass enno? Eller er du ein erfaren sjukepleiar som kan tenke deg å prøve noko nytt for ein periode? Ja, då bør du søke på Sande omsorgssenter. Vi kan tilby eit arbeid med mykje glede, ansvar og faglege utfordringar.

Som sjukepleiar har du ansvar for sjukepleie til pasientar og du arbeidar tverrfaglig i team. Du skal som pasientansvarlig sjukepleier vere pasienten sin kontakt og talsperson, ha ansvar for å sikre kontinuitet og fagleg forsvarleg omsorg, i tillegg til kvalitet og koordinering av tenestetilbodet.

 

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar 

 

Krav til søkar:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • gyldig politiattest

 

Vi søker deg som:

  • er fagleg engasjert og har vilje til å halda deg oppdatert
  • er løysingsorientert, fleksibel, tenker nytt og har evne til å reflektere
  • har gode samarbeidsevne
  • er strukturert
  • er ansvarsbevist
  • kommuniserer godt
  • er lojal og bidreg til eit positivt miljø

Vi har prøvd ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere langvakt og kortvakt. Vi tilpassar etter behov så lenge det let seg gjere.

Går ein langvakt er det arbeid kvar 4.helg. Går ein kortvakt er det arbeid kvar 3.helg

Vi har rekruttering-og stabiliseringstillegg på 35 000. 

 

Du søker elektronisk. 

Velkommen som søkar!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnfjord kommune Sande omsorgssenter orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted SANDE I SUNNFJORD (Adresse: Sandevegen 120 Postnr: 6973)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6423af9f-f13d-46b6-bd25-0a3acd003673
IMPORTAPI