Job Description

Published 17-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Samfunnsutviklar-Skogbruk

Er du vår nye medarbeidar i avdeling for samfunnsutvikling – skogbruk?

Er du ein som er strukturert og tydeleg? Ein som likar å ta ansvar og prate med andre?

Svarte du ja til dette, er kanskje du vår nye samfunnsutviklar på skogbruk?

Det er bra med erfaring, men du kan og ha andre kvalifikasjonar som gjer at du passar inn hos oss.

Da tilbyr vi deg fast stilling som samfunnsutviklar – skogbruk. Stillinga er i utgangspunktet ein 100% stilling, men lågare stillingsprosent kan vurderast. Saman med kollegaene dine jobbar du med saker som betyr mykje for Hjartdal sine innbyggjarar, hytteeigarar og besøkande. Dette gjeld oppgåver innan:

  • Jordbruk- og skogbruksforvaltning
  • Kartforvaltning
  • Plan og byggsakshandsaming
  • Drift og utbygging
  • Næring og busetting

 

Dette tilbyr vi deg!

Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med stor takhøgde

Vi er ei lita avdeling, men det er til vår fordel! Vegen mellom kontora er kort, og terskelen er låg for å spørje kvarandre. Vi er ei eining som samarbeider for å drive den beste utviklinga i kommunen. Vi håper du vil vere med å bidra til vårt gode arbeidsmiljø.

 

Arbeidskvardag med utfordringar og samarbeid.

Som samfunnsutviklar skogbruk vil du få varierte oppgåver i ein stilling som innehar stor grad av sjølvstende. Du får løyse utfordringar og har ein aktiv dialog med innbyggjarar og aktørar i bransjen. Som medlem i Kongsbergregionen vil du samarbeide med dei andre kommunane her.

 

Dine oppgåver vil mellom anna vere:

Sakshandsaming etter landbrukslovverket og viltlova

Sakshandsaming etter motorferdsellova

Skogfonds- og tilskotsforvaltning

Drift av kommuneskogen

Viltforvaltning og leiing av ettersøksgruppa

Samarbeide med skogbruks- og utmarkslag

Rettleiing innan skogbruk, vilt og anna naturforvaltning

Superbruker/hovudansvar ved innføring, opplæring og forvaltning av nye kartprogram i kommunen, eit samarbeid i Kongsbergregionen

Eigenerklæringar om konsesjonsfridom

Utviklingsoppgåver innan skogbruk, klima og miljø, ofte i samarbeid med andre verksemder og landbruksnæringa. Under dette utarbeiding av nye retningsliner for motorferdsel.

Prosjektleiing og prosjektarbeid  

 

Konkurransedyktige ordningar for deg som tilsett

–          Medlemskap i KLP som gir rimeleg lån og god pensjonsordning.

–          Fleksibel arbeidstidsordning.

–          Løn etter avtale.

–          Lågare stillingsprosent vil kunne vurderast for å evt. tilpasse søkjars behov

 

Er dette deg?

Vi trur du:

Er engasjert og triveleg

  • Du engasjerer deg for menneskje og samfunnet.
  • Du likar å samarbeide med andre for å komme til gode avgjersler.
  • Du sett pris på god service, og yter gjerne det lille ekstra!

Kan kommunisere godt

  • Du snakkar og skriv godt norsk.

Du har auge for detaljar

  • Du gjer arbeidet ditt nøye og leverer på tid.
  • Du kan sette deg i inn i ulike dataverktøy.

 

Dette er dine kvalifikasjonar

  • Du har relevant skogbruksutdanning frå høgskule eller universitet på bachelornivå eller masternivå. 
  • For søkarar med høg realkompetanse kan krav til formell utdanning vurderast.
  • Dersom du har relevant erfaring frå liknande arbeid i offentleg eller privat verksemd vil det bli vektlagt, men det er ikkje eit krav. 
  • Erfaring med bruk av GIS-verktøy er ein stor fordel.
  • Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
  • Arbeidsoppgåvene tilseier at du må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil.

 

Utlysing med atterhald om budsjettdekning

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjartdal kommune Samfunnsutvikling orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet.

Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134.

Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i – og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna.

Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal – på solsida av Gaustatoppen – er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap.

I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine!

Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.

Webside
Bransje Natur og miljø
Yrke Skogbruk, gartnerarbeid og hagebruk
Sted SAULAND (Adresse: Saulandsvegen 414 Postnr: 3692)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/14fa133b-7d10-49e4-ae27-3b8c8fd24665
IMPORTAPI