Job Description
Published 13-01-2025
Deadline: 01-02-2025
Samfunns- og arealplanleggjar
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.
Som vår medarbeidar blir du ein del av det faglege miljøet i kontorfellesskap med byggesak, oppmåling, landbruk, kart, næringsutvikling og folkehelse. Vi er ein triveleg gjeng med dedikerte medarbeiderar og vi supplerar kvarandre godt med breid kompetanse og eit høgt fagleg engasjement. Vi leter etter ein ny medarbeidar til ein 100% fast stilling hjå oss, er du den vi ser etter?
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva blir samfunns- og arealplanlegging. Handsaming av private og kommunale reguleringsplanar er ein del av dette. Inn under samfunnsplanlegging kjem mellom anna arbeid opp mot bu- og blilyst.
Kvalifikasjonar
Vi ynskjer at du:
- har relevant høgare utdanning
- har erfaring med arbeid med tiltak for bu- og blilyst
- har erfaring frå arbeid med reguleringsplanar og god kjennskap til plan- og bygningslova
- vil vera med å jobbe for positiv utvikling i Ål
- er open og lærevillig og likar å samarbeide med andre
- har forståing for prosessar
- utrykker deg klart og forståeleg munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- pensjonsordning i KLP
- gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet
- du blir ein del av eit team med fagleg dyktige medarbeidarar
- gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst i Ål kommune gjennom kurs og vidareutdanning
Send søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO