Samferdsel – Sommarjobb – Stikkrenneregistrering – Innlandet fylkeskommune Samferdsel
Transport og lager Logistikk, lagerarbeid og innkjøp(5 hours ago)
Job Description
Published 18-12-2024
Deadline: 21-01-2025
Samferdsel – Sommarjobb – Stikkrenneregistrering
Beskrivelse
Eininga Digitalisering og vegdata søker opptil 12 studentar for sommarjobb innan registrering av stikkrenner.
Om eininga
Stillingane er organiserte under avdeling for Samferdsel, Vegseksjonen, eining for Digitalisering og vegdata. Vegseksjonen har ansvaret for oppgåver innan drift og utbygging av fylkesvegnettet i Innlandet fylke. Seksjonen har kontorstader på Hamar, Lillehammer, Gjøvik, Otta, Fagernes, Tynset og Kongsvinger.
Faggruppe vegdata bidreg til å oppdatere og halde a jour vegdata knytt til fylkesvegnettet i Innlandet fylke. Dette vert gjort via databasane NVDB (Nasjonal vegdatabank) og FKB (Felles kartdatabase).
Vi søkjer deg som
- er strukturert og nøyaktig.
- trivast med arbeid ute i felt.
- tenkjer sikkerheit.
- er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner.
- har gjennomføringsvilje.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø.
- morosam og utfordrande arbeidskvardag.
- nødvendig HMS- og sikkerheitsopplæring for sikker registrering langs veg.
- lønn avtalast i samsvar med vår lønnspolitikk.
- påkravd verne- og sikkerheitsutstyr.
Om stillinga
- Timelønna 100% engasjement i perioden 10.06.2025-01.08.2025 (med moglegheit for forlenging 1-2 veker).
- Primære kontorstader er Gjøvik (opptil 6 studentar), Fagernes (opptil 2 studentar) og Otta (opptil 4 studentar).
- Lønn avheng av total tidlegare arbeidsansiennitet, og vert lønna etter stillingskode 6572 – Assistent.
- Det er høve til å ta ut ferie i veke 28.
Svar kan sendast på bokmål eller nynorsk.
Arbeidsoppgåver
Er du student og ønskjer sommarjobb i eit fylke som dagleg løyser viktige samfunnsoppgåver? Innlandet fylkeskommune tilbyr sommarjobb innan utbetring av datagrunnlaget i NVDB (Nasjonal vegdatabank) for stikkrenner på det fylkeskommunale vegnettet.
Arbeidet vil bestå av registrering av stikkrenner med eigengeometri frå innløp til utløp (linjegeometri) samt registrering av påkravde eigenskapar i samsvar med Datakatalogen. Arbeidet vert utført ute langs fylkesvegar i Innlandet. Innmåling og registrering vert gjort ved bruk av handhalde GNSS-utstyr. Det kan bli enkelte dagar med registreringsarbeid frå kontor. Arbeidet vil medføre noko reising.
Nødvendige kurs og opplæring vil bli gitt før oppstart av arbeidet.
Kvalifikasjonskrav
- Førarkort klasse B. (Unntak kan avtalast)
- Må ha fylt 18 år.
- Gode norskkunnskapar.
Ønskte kvalifikasjoner
- Vi ønskjer kandidatar som er under/har fullført høgare utdanning. Det er ein fordel med kompetanse innan geomatikk, geografi, geodata, bygg og anlegg eller liknande.
- Relevant erfaring er ønskjeleg.
- Personlege eigenskapar blir vurdert.
- Fleksibilitet med omsyn til geografisk lokasjon kan prioriterast.
Oppgje i søknaden om du har gyldig Arbeidsvarslingskurs 1 og/eller 2.
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO