Saman har vi handlekraft på kysten! Fastlege hjå Måløy Legesenter – Helsetenesta, Kinn kommune
Health and social care Doctor(4 days ago)
Job Description
Published 02-01-2025
Deadline: 30-03-2025
Saman har vi handlekraft på kysten! Fastlege hjå Måløy Legesenter
Velkomen til oss sjå video: Måløy legesenter
Kinn kommune har ledig fleire fastlegeheimlar som sjølvstendig næringsdrivande ved Måløy legesenter. Heimlane er ledig for snarleg oppstart.
Legekontoret har eit fagleg sterkt kollegiet med totalt 9 faste heimlar og ein LIS1 knytt til kontoret. Alle fastlegane har ein forsterka 8:2 avtale. Alderssammensetninga blant legane på kontoret er mellom 30 – 60 år. Det er tre legar som er spesialistar i allmennmedisin, dei andre er under spesialisering (ALIS). Du vil få rettleiing av spesialist på kontoret. Det er eit godt arbeidsmiljø og tilrettelagt for læring. Det er ei samansett pasientpopulasjon og varierte arbeidsoppgåver. Listestorleik på fastlegelistene er 800 pasientar. I ein oppstartsfase kan det for legar i starten av spesialiseringa avtalast redusert listelengde ei periode.
Kontoret har tilsett legar og hjelpepersonell med lang erfaring og faglig kompetanse. Hjelpepersonell i kontoret er kommunalt tilsett.
Kontoret nyttar Infodoc EPJ og Credicare betalingssystem.
Legekontoret er godt etablert i lyse og fine lokaler sentralt i rådhuset i Måløy. Tal innbyggjarar som bur i Kinn kommune er ca 17200 . Av desse er det om lag 5500 som bur i Måløy og omegn og som soknar til dette legekontoret. På rådhuset finn du også helsestasjon, barnevern, NAV, administrasjon og servicekontor.
Fastlegeheimel/Arbeidsoppgåver
- 100 % heimel
- Både spesialister og ALIS kandidatar vert oppfordra til å søke
- Journalsystem er InfoDoc EG
- Legekontoret har legevakt på dagtid kl. 08.00 – 16.00 måndag til fredag.
- For legevakt på kveld, helg og natt er det etablert interkommunal legevakt, Nordfjord legevakt som lokalisert til Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, (ca 45 min kjøretur frå Måløy).
- Vaktbelastninga er i underkant av 3 vakter pr månad, fastløn.
- Tilplikting til kommunal bistilling etter gjeldende avtaler.
Nordfjord legevakt har 5 kommunale ØDH/obs – senger som er samlokalisert og knytt til legevakta.
Vaktbelastning med eit gjennomsnitt på om lag 3 vakter per månad med vaktlengde på maksimalt 9 timar. Arbeidet er fastløna. Legevakta er alltid bemanna med 2 sjukepleiarar i 3-delt vakt.
Kvalifikasjonar
- Interesse for allmennmedisin
- Gyldig norsk autorisasjon
- God kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå arbeid som fastlege/øvrige deler i kommunehelsetenesten vil vere ein fordel
- Gode norskkunnskaper både skriftleg og munnleg
- Ferdig med LIS 1 – tjeneste og som har byrja på eller ferdig med spesialiteten i allmennmedisin
Personlege eigenskapar
- Personleg eigenskapar er viktig og vil verte vektlagt
- Sjølvstendig, fleksibel og engasjert
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe strukturert og målretta både sjølvstendig og i felleskap
- Pasienten i fokus
- Bidrar til positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit godt sterkt fagleg læringsmiljø på kontoret
- God retteliing og oppfølging av fastlegens kontakt personar
- Kontinuerleg supervisjon av legar med brei erfaring
- Føreseieleg drift
- Varierte fastlege oppgaver
- Godt tverrfaglig samarbeid
- Det er tilrettelagt for arbeid frå heimen
- Ein framtidsretta arbeidsplass i utvikling
Tilrettelegging for spesialistutdanning, ALIS- tilskot
Driftsavtalen med kommunen er ein null- avtale der kommunen driftar praksis ( kontorlokale, utstyr og hjelpepersonale 5,6 årsverk) i byte mot per capita tilskotet.
Lønn for offentlig arbeid etter lokal særavtale
Kommunen vil sørgje for spesialiseringsløp for allmennmedisin med ALIS avtale dersom det er aktuelt for deg.
For spesialistar vil du få økonomisk kompensasjon for inntil 8 dagar med eigen sjukdom eller sjuktbarn. Spesialistar kan også søke om å få dekka utgiftar til kurs.
Kontaktinformasjon
Christel Midtgaard Angelshaug, Avdelingsleiar , 99044655
Katrine Holvik Skinlo, Tenesteleiar, +47 97531483
Arbeidsstad
Gate 1 120
6700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 4901558733
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.03.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Helsetenesta, Kinn kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vår visjon: |
Webside | http://www.kinn.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | MÅLØY (Adresse: Gate 1 120 Postnr: 6700) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-03-2025 |