Ringevikarar og helgestillingar – Samnanger kommune

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(21 hours ago)

  • TYSSE
  •  Post Date: 28. September 2024
  •  Expire date: 20. October 2024
Job Description

Published 28-09-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Ringevikarar og helgestillingar

Om stillinga

Eining for pleie og omsorg er den største eininga i kommunen og ansvarsområda til eininga er mellom anna sjukeheim, heimesjukepleie, praktisk bistand i heimen, bufellesskap for funksjonshemma og dagsenter. Me er opptatt av stadig å jobba for gode og kvalitative tenester, og ynskjer heile tida å utvikla og forbedra tenestene me leverer.  Pasientsikkerhet og kvalitetsbedring er me svært opptatt av. 

Pleie og omsorg har ledige helgestillingar og søkjer samtidig etter ringevikarar på Samnangerheimen, i heimetenesta og på Skottabakken. Samnangerheimen og heimetenesta har integrerte tenester og ein jobber både ute og inne.

Du har helsefagleg utdaninng, eller om du er i eit helsefagleg utdanningsløp vil dette vere verdifull praksis i høve utdanninga di. Men er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkomen til å søkje, og tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert opp i mot det som er relevant for stillinga.

Arbeidstid vil vera på helg enten fredag, laurdag, søndag eller berre laurdag og søndag. Det kan vera aktuelt med annakvar eller tredje kvar helg. Skriv gjerne i søknaden kva du ønsker. Me avtalar arbeidstid og stillingsprosent etter behov og ønske.

Søknader vil bli vurdert fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorgsoppgaver
  • Sikre pasientens individuelle behov
  • Ta del i faglege avgjerder, og utviklinga til avdelinga 
  • Jobbe målretta for å gi pasientane, og pårørande deira ein tryggleik og ein fagleg kvalitet som gjenspeglar ein verdig alderdom 
  • Utføre arbeidsoppgaver i tråd med vedtak, og gjennomføre oppdrag i henhold til tildelt arbeidsliste
  • Delta i team rundt brukar og bidra med fagleg kompetans
  • Delta i direkte tenesteyting mot brukarar
  • Dokumentere i henhold til lov og forskrift
  • Delta i daglege gjeremål i eininga og andre delegerte arbeidsoppgåver frå leiar
  • Bidra til godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

Krav

  • Du har helsefagleg utdanning eller er i eit utdanningsløp
  • Du har relevant arbeidserfaring og interesse for å arbeide med menneske og vurderer gjerne å ta helsefagleg utdanning
  • Du har god norsk munnleg og skriftelg framstillingsevne
  • Me gjer merksam på at du må legge fram politiattest

 

  • Me kallar inn til intervju og gjer tilsetjing fortløpande så send gjerne søkand snarast

Personlege eigenskapar

  • Du er raus, utviser tolmod og er reflektert i din omgang med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Du er positiv, noko både kollegaer og pasienter merkar seg
  • Du må være ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Du samarbeider godt, og bidrar til godt arbeidsmiljø
  • Du trives i eit aktivt og til tider travelt miljø og likar utfordring
  • Du er oppteken av å halde deg fagleg oppdatert
  • Du er ryddig og strukturert
  • Du er oppteken av å vere ein god kollega og roser gjerne andre på din veg
  • Du har høg ansvarskjensle og gjennomfører godt det du skal
  • Du må kunna samarbeida med kollegaer med ulik yrkesbakgrunn
  • Personlig egnaheit vil bli vektlagt

Me tilbyr

  • God oppfølging og rettleiing i avdelingane
  • ​​​​​Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Samnanger kommune orgnr: 987618523
Kort om arbeidsgiver

I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.

Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.

Webside https://www.samnanger.kommune.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted TYSSE (Adresse: Tyssevegen 94 Postnr: 5650)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e21c72ae-8dcf-4aa5-b68a-bbca54855550
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/253414